Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Regelverk og refusjon for sjukehus og poliklinikk

Finansieringsordninga av poliklinisk verksemd er tredelt og kjem frå rammetilskot, refusjon frå Helfo og betaling av eigenandelar frå pasientane.

Kva takst det kan krevjast refusjon for går fram av dette regelverket:

Sjukehus/poliklinikk pliktar å sette seg inn i forskrifta og følgje gjeldande regelverk. Les mer på siden med spørsmål og svar om ny finansieringsordning for polikliniske laboratorier.

 

Om forskrifta og radiologiske koder som gjev rett til refusjon

Poliklinikkforskrifta fortel kva refusjon ein kan krevje ved dei ulike undersøkingane eller behandlingsformane som vert utført. Du finn også informasjon om spesielle vilkår som gjeld til refusjonen.

Les meir om dette i «Regler for fremsettelse av refusjonskrav for polikliniske laboratorieanalyser 2020 – statlige helseinstitusjoner».

Årets versjon av «Radiologiske prosedyrer som gir rett til refusjon 2023 - Statlige helseinstitusjoner(Exel)».

Om forskrifta og laboratoriekodar som gjev rett til refusjon

Takstsystemet blei 1. januar 2018 erstatta med ei ny, aktivitetsbasert finansieringsordning basert på kodar frå Norsk laboratoriekodeverk (NLK). Takstar skal ikkje lenger nyttast.

For analyser som er utført i 2018 skal refusjonskravet til Helfo innehalde NLK-kodar.

Dette gjeld likevel ikkje for klinisk nevrofysiologi eller patologiske avdelingar. Her skal det framleis nyttast takstar i refusjonskrava. For rekningar datert i 2017 skal gamle takstkodar nyttast. Dette gjeld alle fagområde.

Frå 1. januar 2023 gjeld ny refusjonsordning for poliklinisk patologi for Helse Nord. Helse Vest og Helse Midt-Norge vart omfatta av endringa frå 1. januar og 1. mai 2022. 

Les meir om endringa her.

Om Norsk laboratoriekodeverk (NLK)

Norsk laboratoriekodeverk er eit felles kodeverk med analyse- og undersøkingskodar for seks laboratoriefagområder (patologi, immunologi og transfusjonsmedisin, medisinsk mikrobiologi, klinisk farmakologi, medisinsk genetikk og medisinsk biokjemi).

Kodeverket er meint å vere eit klinisk og administrativt verktøy som kan brukast i formidling av rekvisisjon og prøvesvar, danne grunnlag for statistikkar og rapporter som kan samanliknast, samt finansiering. Kodane for patologi nyttast av rekvirentar, men er ikkje inkludert i den nye finansieringsordninga.

NLK vert forvalta av Direktoratet for e-helse. For meir informasjon om kodeverket, viser vi til e-helse.no.

Du finn meir informasjon i regelverket «Regler for fremsettelse av refusjonskrav for polikliniske laboratorieanalyser 2019 – statlige helseinstitusjoner (PDF)» og «Regler for fremsettelse av refusjonskrav for polikliniske laboratorieanalyser 2020 – statlige helseinstitusjoner (PDF)».

I vedlegget til regelverket nevnt over, «Laboratoriekoder som gir rett til refusjon – statlige helseinstitusjoner (ehelse.no)», går det fram kva slags refusjonskategori den enkelte laboratoriekode er plassert i og kva koder som er merka med stjerne.

Kodene NOR35190, NOR35191 og NPU59282 er nye koder og ble i forrige runde plassert i refusjonskategori MM2. Disse tilsvarer imidlertid eksisterende koder som har høyere refusjonskategorier. I vedlagte kodeverk har NOR35190 og NOR35191 blitt oppjustert til MM6, mens NPU59282 har blitt oppjustert til MM8 gjeldende fra 23. september 2020. Les mer om endringene i følgebrevet til Norsk laboratoriekodeverk.

Saman med fagmiljøa har Helsedirektoratet klassifisert analysekoder etter medisinskfaglege kriteria og etter ressursbruk (Excel). Dette er for refusjonsføremål og er mellom anna til hjelp for å kunne plassere nye koder i rett refusjonskategori.

Les mer på siden med spørsmål og svar om ny finansieringsordning for polikliniske laboratorier.

Helsedirektoratet har gjort kre presiseringar og avklaringar for laboratoriefinansieringa.

Innhaldet i et gyldig refusjonskrav

Kvar kode i NLK er plassert i ein refusjonskategori innanfor eit laboratoriefagområde. Laboratoriet kan krevje refusjon for analysar som er medisinsk nødvendige. Det er ein føresetnad at NLK-koden i refusjonskravet er i samsvar med rekvisisjonen, og at relevant NLK-kode ligg til grunn for svar til rekvirenten.

Ein kode i same refusjonskrav kan repeterast, men det er ikkje tillate å gjenta same NLK-kode fleire gonger for å få høgare refusjon for eventuelt kompliserte prosesser bak same resultat.

Automatiske kontroller av refusjonskrav

Refusjonskrav blir automatisk kontrollert av Helfo. Identiske rekningar, uavhengig av avsendar, vil bli avvist som duplikat.

Dersom ei avdeling sender inn fleire rekningar med minst ein lik NLK-kode for same pasient og same tidspunkt, vil rekninga bli avvist som duplikat.

Relatert innhald

Forskrift om endring i forskrift om godtgjørelse for å yte poliklinisk helsehjelp i spesialisthelsetjenesten (poliklinikkforskriften, januar 2021)

forskrift om betaling frå pasientar for poliklinisk helsehjelp i spesialisthelsetenesta (pasientbetalingsforskrifta)

Om egenandeler og pasientbetaling ved poliklinisk helsehjelp på helsedirektoratet.no

«Regelverk for fremsettelse av refusjonskrav for poliklinisk utført radiologi 2020 - statlige helseinstitusjoner (PDF)»

«Regler for fremsettelse av refusjonskrav for polikliniske laboratorieanalyser 2020 – statlige helseinstitusjoner (PDF)»

Først publisert: 31.03.2019 Sist fagleg oppdatert: 25.01.2023 Sjå tidlegare versjonar