Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Regulering av maks antal innbyggarar på fastlegelista

På denne sida beskriv vi korleis fastlegane saman med kommunen kan regulere storleiken på fastlegelista si. Kommunen melder endringar til Helfo i skjemaet Melding til fastlegeregisteret.

Prioritering av innbyggarar på liste  

Ei liste blir lukka når listetaket er nådd. Lista blir automatisk opna når den har 10 ledige plassar.  

Når det blir ledig plass på ei fastlegeliste, vil innbyggarar som ikkje har fastlege frå før, bli prioritert. Deretter vil innbyggarar som står på venteliste, få tildelt plass på fastlegelista.   

Fastlegen eller kommunen kan ikkje styre kva innbyggarar som kjem inn på lista. Dei kan heller ikkje styre kva innbyggarar som blir fjerna ved ein eventuell listereduksjon. Helfo har altså ikkje anledning til å sette bestemte innbyggarar på bestemte lister.  

Justere listetaket til ønska antal innbyggarar på lista   

Listetaket på ei fastlegeliste regulerer kor mange innbyggarar ein fastlege kan ha på lista si. Viss ein fastlege for eksempel har eit listetak på 1100, skal det som hovudregel ikkje kome fleire innbyggarar inn på lista enn dette. 

§ 4 i Forskrift om pasient- og brukerrettigheter i fastlegeordningen gir nokre unntak som gjeld både for lukka og låste lister: 

  • Barn under 16 år har rett til å kome på same liste som ein av foreldra. 

  • Innbyggar som har budd i anna kommune og som flyttar tilbake til kommunen før det har gått meir enn tre år, har rett til å få tilbake sin tidlegare fastlege. 

Ein fastlege kan i samråd med kommunen sette listetaket sitt opp eller ned. Viss ein fastlege vel å sette ned listetaket sitt, vil det ikkje komme nye innbyggarar inn på lista utover det listetaket tilseier. Viss fastlegen etter å ha sett ned listetaket, framleis har fleire innbyggarar på lista enn listetaket tilseier, vil lista etter kvart bli redusert ved naturlig avgang, til dømes når pasientar dør eller bytter til ein annan fastlege. Sidan det ikkje kjem nye innbyggarar inn på lista, vil listetalet  etter kvart kome ned på same nivå som listetaket.     

Viss fastlegen ønskjer at talet på innbyggarar skal minke raskare enn det som skjer ved naturlig avgang, kan han saman med kommunen vurdere ein listereduksjon. Ved ein listereduksjon blir eit antal innbyggarar fjerna frå lista og plassert på ei eller fleire andre fastlegelister som har ledig kapasitet. For å utføre ein listereduksjon, er det eit krav at talet på innbyggarar på lista er større enn listetaket tilseier. 

Ved ein listereduksjon er det tilfeldig kva innbyggarar som blir fjerna frå lista og plassert på andre lister.   

Om fastlegen ønskjer fleire innbyggarar på lista si, kan han auke listetaket, slik at fleire innbyggarar slepp inn på lista hans. I slike tilfelle kan han til dømes ta imot innbyggarar frå fastlegar som ønskjer å redusere lista si.  Hugs og  at innbyggarar som ikkje har fastlege frå før, automatisk får tildelt plass på lista hos dei fastlegane som har ledig plass før eventuelle innbyggarar som står på venteliste.   

Låsing av lista  

Når ei liste er låst, vil det ikkje komme nye innbyggarar inn på lista, sjølv om det er ledige plassar på lista. Unntaket i § 4 i Forskrift om pasient- og brukerrettigheter i fastlegeordningen, gjeld også her. Innbyggarar kan ikkje setje seg på venteliste på ei liste som er låst.   

Kommunen kan i visse tilfelle be Helfo låse ei fastlegeliste: 

  • Kommunen kan be Helfo om å låse fastlegelista i inntil 3 månader viss fastlegen uventa blir ute av stand til å ta ansvar for fastlegelista. Dette kan for eksempel vere ved død, eller viss legen blir fråteken autorisasjon eller retten til å praktisere for trygda si rekning. Låsing i desse tilfella skal gi kommunen tid til å avklare kva som skal skje vidare med lista. 

  • Det kan også være aktuelt å låse lista i inntil 3 månader i tilfelle der kommunen har valt manuell fordeling, og har behov for tid til å gjere avtalar med den enkelte fastlege om fordeling av innbyggarar utan fastlege. 

  • Låsing av liste skal ikkje nyttast for å justere listetaket.    

Manuell fordeling  

Kommunane kan ta kontroll over fordelinga av innbyggarar som ikkje har fastlege, ved å velje “manuell fordeling”. Det gjer at kommunen i samråd med fastlegane i ein kommune kan styre kor mange innbyggarar utan fastlege som blir fordelt til dei ulike fastlegelistene. Kommunane kan ikkje styre kven som får kva fastlege.   

Når kommunen ikkje har valt manuell fordeling, vil innbyggarar som ikkje har fastlege frå før, automatisk få tildelt plass på lista hos dei fastlegane som har ledig plass.   

Her kan du lese meir om manuell fordeling.

Først publisert: 20.03.2025 Sist fagleg oppdatert: 26.03.2025 Sjå tidlegare versjonar