Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Dette skal rekning frå kiropraktor innehalde

Du dokumenterer refusjonskravet til Helfo ved fullstendig utfylling av rekningane og god journalføring.

Innhaldet i rekningane gir grunnlag for kontroll før utbetaling, medan anna dokumentasjon kan bli etterspurd i samband med etterkontroll.

Dette må rekninga innehalde

Kvar rekning skal innehalde diagnose, takstnummer, samt dato og klokkeslett for konsultasjonen.

I tillegg skal rekninga innehalde pasienten sitt fødselsnummer, d-nummer eller anna eintydig identifikasjon i tråd med EØS-regelverket og avtale med konvensjonsland.

Fødselsnummer eller d-nummer

Om pasienten ikkje har 11-sifra fødselsnummer, og du som behandlar har dokumentasjon på at vedkommande har rett til stønad til medisinsk behandling, kan det likevel sendast rekning til Helfo. Du registrerer då pasienten sitt namn, kjønn og fødselsdato i staden for fødselsnummer. Fødselsdato må skrivast i formatet ÅÅÅÅ-MM-DD. 

Krav til diagnosekode

Rekninga må kodast med dei sjukdommar/symptom/plager som er årsaka til at du tar i bruk taksten. 

Dette må du passe på når du fører rekninga:

  • Du skal primært kode ei sjukdomsdiagnose (nummer 70-99) på rekninga.
  • Dersom det ut i frå klinisk vurdering ikkje er mogleg å stille sjukdomsdiagnose, skal du sekundært bruke ei kode for symptom eller plager (1-29).
  • Bokstav frå organkapittelet (A-Z) må førast inn framfor kodenummeret (for eksempel R96). NB: Dersom bokstaven framfor koden ikkje er ført inn av behandlarar i primærhelsetenesta som bruker ICPC-2, vil rekninga automatisk bli avvist av oppgjerssystemet.

Dersom pasientkontakta gjeld fleire problemstillingar, skal hovuddiagnosa stå først, deretter bidiagnosar.

 

Først publisert: 21.03.2019 Sist fagleg oppdatert: 08.07.2022 Sjå tidlegare versjonar