Må registrere informasjon
For pasientar med trygderettar fra andre land enn Noreg, skal det som hovudregel registrerast informasjon om kva land pasienten kjem fra, kva rettigheitsdokument pasienten har framvist, samt diverse informasjon fra rettigheitsdokumentet.
Helfo vil vidarefakturere landet som er ansvarleg for pasienten sine trygderettar. Dersom pasienten ikkje kan dokumentere å ha trygderettar i Noreg, kan det ikkje utbetalast refusjon for behandlinga.
Kva opplysningar som må registrerast, varierer etter kva dokument pasienten har og kvar pasienten kjem fra. Nedanfor finn du ei kort oversikt over kva som skal registrerast for dei ulike dokumenttypane.
Krav til dei ulike pasientgruppene
Nordisk konvensjon: Registrer normalt berre landkode, med mindre anna er spesifisert for dokumenttypen.
EØS-/konvensjonsland: Registrer dei EØS-opplysningane som er oppgitt for det aktuelle dokumentet. På nettsidene til EU finn du oversikt over korleis kjenne att europeisk helsetrygdkort frå dei ulike landa: How to recognise the card (ec.europa.eu)
Australia/Quebec: MEDI og PASS har eigne reglar og krev ikkje EØS-informasjon.
| Dokument | Kva skal registrerast? |
|---|---|
EHIC – Europeisk helsetrygdkort GHIC (Global Health Insurance Card/britisk alternativ til EHIC) | Nordisk konvensjon: Landkode (trygdenasjon). Ingen annan EØS-informasjon. EØS-/konvensjonsland: Alle EØS-felt. |
| HAST – Hasteblankett | Nordisk konvensjon: Landkode (trygdenasjon). Ingen annan EØS-informasjon. EØS-/konvensjonsland: Alle EØS-felt, bortsett fra EEA kort-id. |
| DA1 – Yrkesskade | EØS-/konvensjonsland: EEA kort-id, EEA namn på trygdekontor, EEA trygdekontor-nummer og EEA gyldig fra. |
| Nordisk konvensjon: Ingen EØS-informasjon. Bruk eigendelskode Y når DA1 dokumenterar yrkesskadedekning. | |
| MEDI – Medicare | Gjeld berre borgarar fra Australia. Ingen EØS-informasjon skal registrerast. |
| PASS | Gjeld berre borgarar fra Australia og Quebec i Canada. Ingen EØS-informasjon skal registrerast. |
| S1 | Nordisk konvensjon: Landkode (trygdenasjon). Ingen annan EØS-informasjon. EØS-/konvensjonsland: EEA kort-id, EEA namn på trygdekontoret, EEA trygdekontor-nummer og EEA gyldig fra. Dersom S1 har sluttdato, skal også EEA gyldigheit registrerast. Pasientar med fødselsnummer/D-nummer treng normalt ikkje EØS-informasjon for å få rekninga godkjend. |
| S2 – Planlagd behandling | Nordisk konvensjon og EØS-/konvensjonsland: EEA kort-id, EEA namn på trygdekontor, EEA trygdekontor-nummer, EEA gyldig fra og EEA gyldigheit. |
| S3 – Pensjonerte grensearbeidarar | Nordisk konvensjon: EEA kort-id, EEA namn på trygdekontor, EEA trygdekontor-nummer, EEA gyldig fra og EEA gyldigheit. EØS-/konvensjonsland: EEA kort-id, EEA namn på trygdekontor, EEA trygdekontor-nummer og EEA gyldighet fra. EEA gyldigheit skal ikkje registrerast. |