Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Om utbetaling frå Helfo til apotek og bandasjist

Etter at de har sendt inn refusjonskrav til Helfo og dette er utbetalt, vil de få eit utbetalingsvedtak.

Etter at de har sendt refusjonskravet til Helfo, blir det gjennomført automatisk kontroll av kravet. Det automatiske oppgjerssystemet stoppar mange feil, men ikkje alle. De har sjølv ansvar for at krava de sender er riktige.

Når kravet er ferdig kontrollert, vert godkjente rekningar sendt til utbetaling. Utbetalingsvedtaket blir sendt ut når pengane går inn på bankkonto.

Utbetalingsvedtak

Vedtaket gir opplysningar om kva de har fått utbetalt i refusjon frå Helfo, og kva konto pengane har gått inn på. 

De får informasjon i vedtaket om det er nokon av rekningane de har sendt til Helfo som er avvist eller avkorta på grunn av feil. 

Vedtaka gir også oversikt over enkelte godkjente rekningar som har merknadar.

Merknadane i utbetalingsvedtaka er meint som rettleiing til apoteket eller bandasjisten.

Les meir om klage på vedtak fra Helfo her.

Husk at du kan rette feil i enkeltrekningar sjølv. Du kan lese meir om retting av feil her.

Dersom du skal sende ei klage på vegne av nokon andre må du fylle ut og legge ved fullmaktskjema til klaga. Dette gjeld ikkje når det er ein advokat som klagar på vegne av deg. 

Les meir om behandling av klagesaker i Helfo her.

Aktuelt regelverk 

Forvaltningsloven (kapittel VI. Om klage og omgjøring)

Folketrygdloven (Kapittel 21. Saksbehandling i trygdesaker. Anke- og klagebehandling m.m. Då spesielt § 21-4, § 21-11 a og § 21-12.)

Først publisert: 29.03.2019 Sist fagleg oppdatert: 13.02.2024 Sjå tidlegare versjonar