Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Retting av feil i enkeltrekningar frå apotek og bandasjist

Du kan rette opp feil i rekningar som blir avvist av Helfo.

Avviste rekningar

Du får informasjon i vedtaket om det er nokon av rekningane du har sendt til Helfo som er avvist eller avkorta på grunn av feil.

Vedtaka gir også oversikt over enkelte godkjente rekningar som har merknader. 

Merknadane i utbetalingsvedtaka er meint som rettleiing til apoteket eller bandasjisten. 

Her er nokre eksempel på vanlege feil: 

  • Resepten er forelda
  • Det er oppgitt av kunden har fritak frå eigendel når han/ho ikkje har det 
  • Kunden sitt fødselsnummer samsvarer ikkje med fødselsnummer på resepten 
  • Manglande opplysningar på rekningar som gjer at Helfos automatiske kontrollprogram ikkje kan vurdere om rekninga er korrekt

Rekningar med slike feil må du korrigere og sende inn på nytt så snart som mogleg for at pasienten skal få godkjent eigendelen i frikortoppteninga.

Refusjonskravet blir likevel ikkje forelda før det har gått 3 år frå dato på utbetalingsvedtaket.

Dersom du meiner at du feilaktig har fått avvist ei rekning kan du klage på vedtaket. Fristen for å klage er 6 veker frå motteke vedtak.

 

Først publisert: 22.03.2019 Sist fagleg oppdatert: 23.05.2023 Sjå tidlegare versjonar