Reglane som gjeld i dag gir fritak frå eigendeler for barn under 16 år. Frå og med 1. august 2026 blir aldersfritaket endra til barn og ungdom under 18 år.
Dette betyr at 16- og 17-åringar slepp å betale eigendel når dei går til lege eller nyttar andre helsetenester under frikort-ordninga.
Ikkje tilbakeverkande kraft
Endringa av eigendelsfritaket frå 16 til 18 år har ikkje tilbakeverkande kraft. Det betyr at det berre er behandling og helsetenester mottatt frå og med denne datoen som gjev fritak.
For legemiddel, næringsmiddel og medisinsk forbruksmateriell på blå resept er det berre reseptar registrert hos apotek og bandasjist frå og med 1. august 2026 som gjev fritak.
Helsehjelp som er omfatta av frikort-ordninga
Desse helsetenestene er omfatta av fritaket
- behandling hos fastlege, legevakt og avtalespesialist
- behandling hos fysioterapeut med driftsavtale med, eller tilsetting i, kommunen
- legemiddel, næringsmiddel og medisinsk forbruksmateriell på blå resept
- pasientreiser
- poliklinisk helsehjelp i spesialisthelsetenesta
- private laboratorium og røntgeninstitutt som har avtale med regionale helseføretak
- private rehabiliteringsinstitusjonar som har avtale med regionale helseføretak
Helfo gjer merksam på at innan psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling har ungdom eigendelsfritak ut det kalenderåret dei fyller 26 år. Dette inkluderer godkjende eigendelar hos psykolog.
Bruk dagens fritakskode
Du som er helseaktør, og skal rapportere inn eigendelar, kan bruke dagens fritakskode B (for barn under 16 år) for pasientar under 18 år frå og med 1. august. Det blir altså ikkje innført ein eigen fritakskode for pasientar som er 16 eller 17 år.
Les meir om ny aldersgrense for eigendelsfritak på helsedirektoratet.no.
Les meir om frikort og eigendelar på helfo.no.