Pasientlista (fastlegelista) blir oppdatert natt til den 1. kvar månad med endringar som har skjedd i løpet av månaden, for eksempel på grunn av fastlegebytter, dødsfall, fødsler osv. Du som fastlege må laste ned oppdatert liste i starten av kvar månad for å sikre at du har riktig oversikt over innbyggarane som står på lista di.
Har du ikke fått pasientlistene 1. juni 2026?
Sjekk først leverandørens status om ny løsning (fra 1. juni 2026) er på plass via lenkene i nyhetssaken Pasientlister: Ta i bruk HelseID. Eventuelt ta kontakt med EPJ-leverandøren din.
Alternativt kan du laste ned pasientlisten manuelt. Brukerveiledning for hvordan du gjør det finner du på Norsk helsenett sine nettsider.
Pasientliste via journalsystem
Dei fleste fastlegar hentar pasientlista via sitt journalsystem. Du finn rettleiing om dette på nettsida til din leverandør.
HelseID: For dei fleste er det viktig at «HelseID på organisasjonsnivå» er aktivert og at dei rette personane ved kontoret har fått delegert rettar til å kunne laste ned pasientlistene.
Pasientliste via nettløysing
Alle fastlegar og vikarar for fastlegar har tilgang til pasientliste via ei eiga nettløysing hos Norsk Helsenett (NHN).
Du finn nettløysinga på NHN si nettside frå Helsenettet (sikra sone): https://fastlegelister.nhn.no/. Logg på med brukarnamnet og passordet som du nyttar når du skal gjere endringar i adresseregisteret.
Du kan lese meir om å laste ned fastlegeliste via nettløysing på NHN si nettside.
Dersom du manglar brukarkonto til denne sida, kontakt NHN sitt kundesenter på telefon nr. 24 20 00 00 eller på e-post: kundesenter@nhn.no. Det same gjeld dersom du treng hjelp med å laste ned liste via nett-løysinga.
Du kan lese meir om ordninga på sida om fastlegeordninga.