Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Dette skal rekning frå tannpleiar innehalde

Du dokumenterer refusjonskravet til Helfo ved fullstendig utfylling av rekningane og god journalføring.

Innhaldet i rekningane gir grunnlag for kontroll før utbetaling, medan anna dokumentasjon kan bli etterspurt i samband med etterkontroll.

Dette må rekninga innehalde

Kvar rekning skal innehalde tilstand, takstnummer, samt dato og klokkeslett for oppstart av behandlinga.

I tillegg skal rekninga innehalde pasienten sitt fødselsnummer, d-nummer eller anna eintydig identifikasjon i tråd med EØS-regelverket og avtale med konvensjonsland.

Fødselsnummer eller D-nummer

Rekninga må innehalde fullstendig fødselsnummer eller D-nummer for at eigendelen for opptening av frikort raskt og sikkert skal bli registrert på pasienten.

Om pasienten ikkje har 11-sifra fødselsnummer, og du som behandlar har dokumentasjon på at vedkommande har rett til stønad til medisinsk behandling, kan det likevel sendast rekning til Helfo. Du registrerer då pasienten sitt namn, kjønn og fødselsdato i staden for fødselsnummer. Fødselsdato må skrivast i formatet ÅÅÅÅ-MM-DD. 

Innkrevjing av eigendelar

Du må krevje inn eigendelar frå pasienten og refusjonstakst frå Helfo fram til den dagen du får dokumentert at pasienten har fått innvilga frikort. Når pasienten har fått vedtak om frikort, kan du krevje honorartakst. Gyldig dokumentasjon får du gjennom

Du må krevje eigendelar i tråd med fastsette takstar og rapportere eigendelen til Helfo.

Vedtak om frikort vert fatta så snart rapportert beløp har overstige beløpsgrensa for frikort. Det kan likevel ta om lag ei veke frå eigendelane vert rapportert til pasienten får refundert overskytande beløp.

Først publisert: 21.03.2019 Sist fagleg oppdatert: 07.07.2022 Sjå tidlegare versjonar