Dette skal rekning frå tannpleiar innehalde

Du dokumenterer refusjonskravet til Helfo ved fullstendig utfylling av rekningane og god journalføring.

Innhaldet i rekningane gir grunnlag for kontroll før utbetaling, medan anna dokumentasjon kan bli etterspurt i samband med etterkontroll.

Dette må rekninga innehalde

Kvar rekning skal innehalde tilstand, takstnummer, samt dato og klokkeslett for oppstart av behandlinga.

I tillegg skal rekninga innehalde pasienten sitt fødselsnummer, d-nummer eller anna eintydig identifikasjon i tråd med EØS-regelverket og avtale med konvensjonsland.

Rekningar med same eller ulike stønadspunkt 

Når tannbehandling med forskjellige takstar innan same stønadspunkt blir utført i same behandlingsseanse, skal alle takstane registrerast med same starttidspunkt i journalen, og dei skal førast på ei felles rekning til Helfo. Dette gjeld både ved periodontittbehandling og andre typar tannbehandling. For eksempel skal du føre både takst 6 for anestesi og takst 501 for systematisk behandling av marginal periodontitt (med eventuelle repetisjonar) på same rekning med same starttidspunkt, når du brukar begge takstane i same behandlingsseansen. 

Dersom du i same behandlingsseanse behandlar etter to ulike stønadspunkt, skal det førast ei rekning per stønadspunkt. Starttidspunktet for den siste rekninga skal då vere tidspunktet for oppstart av den siste delen av behandlinga. 

Fødselsnummer eller D-nummer

Rekninga må innehalde fullstendig fødselsnummer eller D-nummer for at eigendelen for opptening av frikort raskt og sikkert skal bli registrert på pasienten.

Om pasienten ikkje har 11-sifra fødselsnummer, og du som behandlar har dokumentasjon på at vedkommande har rett til stønad til medisinsk behandling, kan det likevel sendast rekning til Helfo. Du registrerer då pasienten sitt namn, kjønn og fødselsdato i staden for fødselsnummer. Fødselsdato må skrivast i formatet ÅÅÅÅ-MM-DD. 

Innkrevjing av eigendelar

Du må krevje inn eigendelar frå pasienten og refusjonstakst frå Helfo fram til den dagen du får dokumentert at pasienten har fått innvilga frikort. Når pasienten har fått vedtak om frikort, kan du krevje honorartakst. Gyldig dokumentasjon får du gjennom

Du må krevje eigendelar i tråd med fastsette takstar og rapportere eigendelen til Helfo.

Vedtak om frikort vert fatta så snart rapportert beløp har overstige beløpsgrensa for frikort. Det kan likevel ta om lag ei veke frå eigendelane vert rapportert til pasienten får refundert overskytande beløp.

Først publisert: 15.11.2024 Sist fagleg oppdatert: 09.03.2026 Sjå tidlegare versjonar