Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Slik sender fysioterapeut refusjonskrav for ridefysioterapi

Refusjonskrava du sender til Helfo, skal som hovudregel sendast elektronisk over Helsenettet.

For å kunne utføre ridefysioterapi med refusjon frå Helfo, er det eit krav at du som ridefysioterapeut har direkteoppgjer med Helfo. Refusjonskravet må sendast digitalt til Helfo. Dette gjeld for behandling utført frå 1. juli 2021.

Les om kva rekningane skal innehalde og om dokumentasjon av refusjonskravet

Utbetaling og fristar

Refusjonskravet må settast fram innan seks månader etter behandlingsdato for at du skal få utbetalt oppgjeret. Fristen vert rekna frå utløpet av behandlingsmånaden.

Helfo sin frist for å betale ut oppgjeret er 5 dagar frå kravet vart motteke. 

Du kan sende refusjonskrav så ofte du vil.

Slik koplar du deg på Helsenettet

Å levere refusjonskrav via Helsenettet er økonomisk, effektivt og sikkert.

Dersom du ikkje er kopla til Helsenettet, kontaktar du EPJ-leverandøren din for å få konkret og tilpassa informasjon om kva val du kan gjere, og kva konsekvensar dei ulike alternativa gir.

Bestill Helsenettet gjennom eller etter avtale med EPJ-leverandøren din, eller ta direkte kontakt med Norsk Helsenett for råd og rettleiing.

For å kople deg på Helsenettet treng du Buypass Smartkort. Dette kortet er personleg. Du kan derfor ikkje signere for andre behandlarar sine refusjonskrav til Helfo.

Dersom du har EPJ, men ikkje er på Helsenettet

Du kan laste opp refusjonskravet ditt direkte i tenesteportalen for helseaktørar. Kravet blir automatisk behandla, og utbetalinga kjem raskare på konto. Denne tenesta er berre tilgjengeleg for deg som i gjennomsnitt har refusjonskrav på under 720 000 kroner per kalenderår per praksis. Beløpet vert berekna etterskotsvis. Les meir om beløpsgrensa i rundskriv til forskrift om direkte oppgjør for stønad etter folketrygdloven kapittel 5.

Tenesta er tilgjengeleg via https://internett-portal.helsedirektoratet.no.

Du loggar deg inn ved hjelp av elektronisk legitimasjon, som for eksempel BankID, BankID på mobil, BuyPass eller liknande. Vel tenesta «Oppgjør med Helfo» og «Last opp refusjonskrav» for å kome inn i tenesta. Tenesta er lett å bruke og du får rettleiing undervegs.

Dersom du ikkje har EPJ

Du som tidlegare har sendt inn samlerekningar saman med papirblankettar, kan nytte løysing for manuell registrering i tenesteportalen for helseaktørar. Kravet blir automatisk behandla, og utbetalinga kjem raskare på konto. Denne tenesta er berre tilgjengeleg for deg som i gjennomsnitt har refusjonskrav på under 720 000 kroner per kalenderår per praksis. Beløpet vert berekna etterskotsvis. Les meir om beløpsgrensa i rundskriv til forskrift om direkte oppgjør for stønad etter folketrygdloven kapittel 5.

Tenesta er tilgjengeleg via https://internett-portal.helsedirektoratet.no.

Du loggar deg inn ved hjelp av elektronisk legitimasjon, som for eksempel BankID, BankID på mobil, BuyPass eller liknande. Vel tenesta «Oppgjør med Helfo» og «Manuell registrering» for å kome inn i tenesta. Tenesta er lett å bruke og du får rettleiing undervegs.

Først publisert: 06.12.2023 Sist fagleg oppdatert: 01.07.2021 Sjå tidlegare versjonar