Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Basistilskot for fastlegeordninga i kommunane

Helfo administrerer fastlegeordninga på vegne av kommunane. Berekning av basistilskotet er ein del av denne oppgåva.

Basistilskotet per pasient frå kommunen til legen er regulert i avtala mellom Helse- og omsorgsdepartementet (HOD), Kommunenes sentralforbund (KS) og Regionalt helseføretak (RHF) og Den norske legeforening (DNLF) (Statsavtalen).

Kommunen betaler ut basistilskot til fastlegane per registrert person per år på legens liste. Utbetalingane er basert på rapportar frå fastlegeregisteret. Rapportane viser talet på innbyggarar på listene (listeinnbyggarar), og dannar grunnlaget for utbetalinga av basistilskotet til legane. 

Helfo arbeider med å redusere datamengda som er tilgjengeleg på denne sida, med bakgrunn i GDPR-regelverket. I første omgang vert basistilskotsrapportar frå før 2021 fjerna frå oversikta frå 20. januar 2022.

Du kan lese meir om fastlegeordninga her.

Korleis vert tilskotet berekna?

Tilskotet vert berekna med årleg tilskot delt på 12 månader, gonga med talet på innbyggarar på lista i starten av månaden.

Basistilskot

Basistilskotet utgjer 653 kroner (642 i 2021) per listeinnbyggar inntil 1000 listeinnbyggarar. Frå listeinnbyggar 1001 og opptil 2500 utgjer basistilskotet 526 kroner per listeinnbyggar.

Grunntilskot

Fastlegar med avtalar der listetaket er 500 eller høgare, og faktisk listelengd (tal innbyggarar på lista) er mindre enn 500, får berekna grunntilskot i staden for basistilskot. Grunntilskotet utgjer basistilskotet svarande til ei fastlegeliste med 500 listeinnbyggarar (653 gongar 500 delt på 12).

Grunntilskotet er knytt til ein fastlegeavtale og vert gitt i inntil to år frå fastlegeavtalen er inngått. Dersom fastlegeavtalen i løpet av dei to åra får ei listelengd større enn 500 listepasientar, vert det berekna basistilskot i staden for grunntilskot.

Distribusjon av basistilskotsrapportane 

Basistilskotsrapporten for den enkelte kommune vert sendt til kommunane per e-post med verknad frå og med mars 2022. Kommunane vil få rapporten sendt til postmottaket seinast andre arbeidsdag i månaden. Dersom de vil ha sendt rapporten til anna e-postadresse, ber vi om tilbakemelding på det til post@helfo.no. Skriv då basistilskot i emnefeltet på e-posten. La det gå tydeleg fram om ny e-postadresse skal erstatte eller kome i tillegg til gamal. 

Basistilskotsrapportane har tidlegare vore publisert på nettsida her, men har blitt fjerna av personvernomsyn. 

Først publisert: 24.01.2019 Sist fagleg oppdatert: 15.03.2022 Sjå tidlegare versjonar