Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Regelverk for psykolog

Når du som er psykolog har inngått avtale om direkte oppgjer med Helfo, kan du krevje takstar etter forskrift om stønad til dekning av utgifter for undersøking og behandling hos psykolog.

Regelverksendringer for psykologer fra 1. juli 2023 

Fra og med 1. juli 2023 har Helse- og omsorgsdepartementet

  • justert honorar- og refusjonssatsene 
  • justert egenandelssatsene 
  • gjort endringer i merknadene B2 til B6 som tydeliggjør hvilke takster merknadene er knyttet til.
  • åpnet for at takst 27 kan benyttes i forbindelse med nyhenviste pasienter til gruppebehandling

Du finner endringene i forskrift om endring i forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos psykolog
 

Inntekta til psykologen kjem i hovudsak frå tre kjelder

  • eigendelar frå pasienten
  • refusjon frå Helfo
  • driftstilskot frå regionalt helseføretak (RHF)

Du plikter å sette deg inn i forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos psykolog (lovdata.no)

og bruke takstane etter gjeldande regelverk.

Om forskrifta og takstbruk

Forskrifta fortel kva takstar du kan nytte ved dei ulike kontaktformene, prosedyrane og behandlingane som vert gjort. Den fortel og kva takstar som kan kombinerast og om det er knytt visse vilkår til bruken av taksten.

Som psykolog med avtale om direkte oppgjer med Helfo kan du ikkje krevje høgare eigendel frå pasienten enn det forskrifta seier. Du kan heller ikkje krevje tilleggsbetaling frå pasienten for å gjere prosedyrar/arbeid som er omfatta av forskrifta.

Fritak frå å betale eigendel

Barn under 18 år og pasientar med hiv-infeksjon får stønad etter honorartakstane.

Tilvising (henvisning) til psykolog

For å kunne få stønad til behandling med psykolog er det eit vilkår at pasienten er tilvist frå lege, psykolog eller frå barnevernsadministrasjonen sin leiar.

Dette gjeld likevel ikkje for opp til tre utgreiande undersøkingar eller samtalar, sjå merknad til takst 10 a-d og f.

Opplysningar om tilvisande behandlar, tilvisingsdiagnose og tilvisingsdato registrerast i rekninga til Helfo.

Stønad for undersøking og behandling ytast berre hos ein psykolog i samband med den same sjukdommen. Eit unntak kan vere når det er eit fagleg ønske om undersøking frå ein psykolog og behandling med ein annan. Andre unntak er når psykologen ikkje kan ta på seg å fullføre behandlinga, psykologen ikkje har nok kompetanse til å utføre behandlinga eller at det er eit utilfredsstillande forhold mellom psykolog og pasient.

Forskrifta omfattar bebuarar i sjuke- og aldersheim. Du sender rekning til Helfo på vanleg måte for desse.

Helfo yt ikkje refusjon for behandling av innsette i fengsel. Kommunar der fengsel er lokalisert, mottar øyremerka tilskot til blant anna psykologtenestar.

Dokumentasjon av refusjonskrav

Du må huske å sette deg godt inn i krava til dokumentasjon for psykolog.

Behandling av pasientar innsette i fengsel

Helfo dekker ikkje behandling av innsette i fengsel. Helsetenester til innsette i fengsel skal finansierast av kommunen eller av helseforetaket.

Les meir om dette i § 1 i rundskrivet og i kapittel 5.2 i Helsedirektoratet sin rettleiar «Helse- og omsorgstenester til innsatte i fengsel».

Du finn meir informasjon i følgjande rundskriv:

rundskriv til § 5-7 psykolog (helsedirektoratet.no)

Først publisert: 11.03.2019 Sist fagleg oppdatert: 30.06.2022 Sjå tidlegare versjonar