Regelverk og refusjon for private laboratorium og røntgeninstitutt
Ved inngått avtale om direkte oppgjer med Helfo, kan private laboratorium og røntgeninstitutt krevje refusjon etter forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling i private medisinske laboratorie- og røntgenverksemder.

Regelverk og refusjon for private laboratorium
For å få refusjon frå Helfo for laboratorieundersøking må undersøkinga vere rekvirert av lege, tannlege eller jordmor.
Om Norsk laboratoriekodeverk (NLK)
Norsk laboratoriekodeverk er eit felles kodeverk med analyse- og undersøkingskodar for seks laboratoriefagområder (patologi, immunologi og transfusjonsmedisin, medisinsk mikrobiologi, klinisk farmakologi, medisinsk genetikk og medisinsk biokjemi). Kodeverket er meint å vere eit klinisk og administrativt verktøy som kan brukast i formidling av rekvisisjon og prøvesvar, danne grunnlag for statistikkar og rapporter som kan samanliknast, og finansiering. Kodane for patologi nyttast av rekvirentar, men er ikkje inkludert i den nye finansieringsordninga.
Laboratoriekodeverk som gir rett til refusjon - private laboratorier 23.09.2025 (Excel)
Laboratoriekodeverk som gir rett til refusjon - private laboratorier 01.07.2025 (Excel)
Laboratoriekodeverk som gir rett til refusjon - private laboratorier 25.05.2025 (Excel)
Laboratoriekodeverk som gir rett til refusjon - private laboratorier 01.04.2025 (Excel)
Laboratoriekodeverk som gir rett til refusjon - private laboratorier 01.01.2024 (Excel)
Innhaldet i et gyldig refusjonskrav
Kvar kode i NLK er plassert i ein refusjonskategori innanfor eit laboratoriefagområde. Laboratoriet kan krevje refusjon for analysar som er medisinsk nødvendige. Det er ein føresetnad at NLK-koden i refusjonskravet er i samsvar med rekvisisjonen og at relevant NLK-kode ligg til grunn for svar til rekvirenten. Ein kode i same refusjonskrav kan repeterast, men det er ikkje tillate å gjenta same NLK-kode fleire gonger for å få høgare refusjon for eventuelt kompliserte prosesser bak same resultat.
Regelverk og refusjon for private røntgenverksemder
For å få refusjon frå Helfo for undersøking ved røntgenverksemder må undersøkinga vere rekvirert av lege, tannlege, kiropraktor eller manuellterapeut. Hovudregelen er at det til ei kvar poliklinisk diagnostisk prosedyre eller intervensjon er knytt ein – og berre ein – unik refusjonssats (kronebeløp). Dei prosedyrane det kan krevjast refusjon for inngår i kodeverket «Norsk klassifikasjon av radiologiske prosedyrer» (NCRP).