Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Regelverk og takstar for jordmor

Takstsystemet skil mellom jordmor med kommunalt driftstilskot eller i kommunal stilling, og jordmor i privat praksis. Takstane går fram av forskrift om stønad til dekning av utgifter til jordmorhjelp, kapittel II og III.

Regelverksendringer for jordmødre fra 1. juli 2023

Fra 1. juli 2023 har Helse- og omsorgsdepartementet justert opp takstbeløpene for jordmødre. 
 

Du finner endringene i forskrift om endring i forskrift om stønad til dekning av utgifter til jordmorhjelp.

​Helfo forvaltar refusjonsordninga på vegne av staten.

Husk å sette deg inn i følgjande forskrift og og bruke takstane etter gjeldande regelverk:

forskrift om stønad til dekning av utgifter til jordmorhjelp (lovdata.no)

Dokumentasjon av refusjonskrav

Som jordmor skal du setje deg godt inn i krava til dokumentasjon.

Jordmor med avtale om kommunalt driftstilskot eller i kommunal stilling – kapittel II

Du som jordmor har ikkje høve til å krevje honorar ut over dei fastsette takstane. Jordmor blir honorert for førstegongs undersøking, konsultasjonsundersøkingar under svangerskap, rettleiing i familieplanlegging og taking og innsending av prøver til laboratorium.

Takstar:

Takst 1a

Du kan bruke takst 1a ved førstegongs undersøking sjølv om den gravide har vore til førstegongs undersøking hjå lege.

Takst 1b

Takst 1b kan du bruke ved konsultasjonsundersøkingar under svangerskapet og ved ein konsultasjon etter fødselen. Takst 1b kan og nyttast ved konsultasjonar seint i svangerskapet for å vurdere tilstanden til den gravide og barnet, og om fødselen nærmar seg eller er i gang. Taksten kan nyttast ved video- og telefonkonsultasjonar. Video- og telefonkonsultasjon skal vere avtalt på førehand. 

Takst 1c

Du kan bruke takst 1c, rettleiing i prevensjon/familieplanlegging, inntil ein gong per svangerskap. Taksten kan nyttast ved video- og telefonkonsultasjonar. Video- og telefonkonsultasjon skal vere avtalt på førehand. 

Takst 1d

Takst 1d kan du bruke ein gong per undersøking/konsultasjon når du sender ein eller fleire prøver til laboratorium. Taksten kan utløysast utan samtidig undersøking/konsultasjon dersom det er behov for å ta prøver mellom svangerskapskonsultasjonar.

Takst 2

Denne taksten er ein eigenbetaling som kan nyttast ved individuell prevensjonsrettleiing uavhengig av svangerskapsomsorg. Du kan ikkje sende refusjonskrav til Helfo på denne taksten.

Jordmor i privat praksis - kapittel III

Det er ikkje krav til driftstilskot eller kommunal tilsetting for å utløyse takstar etter dette kapittelet. Når jordmor gir fødselshjelp utanom arbeidstid eller vaktordning i kommunen, vert ho rekna som privatpraktiserande jordmor, og set då sjølv fram refusjonskravet til Helfo. Jordmor i privat praksis vert honorert for jordmorhjelp ved fødsel utanfor institusjon.

Det er i utgangspunktet kvinna som har rett til stønad, men på bakgrunn av avtale om direkte oppgjer, kan Helfo betale godtgjeringa direkte til jordmor.

Takstar:

Takstane 3a og 3b

Du kan bruke takstane 3a og 3b ein gong per svangerskap når du har utført hovudtyngda av svangerskapskonsultasjonane ved planlagt heimefødsel. Takstane kan krevjast anten fødselen skjer i heimen eller vert overført til helseføretak. 

Takstane 4a og 4b

Takstane 4a og 4b inkluderer nødvendig for- og etterarbeid i samband med fødselen. Tida ein fødsel varer varierer sterkt frå kvinne til kvinne. Godtgjeringa vert gitt for den tida jordmora har brukt.

Takst 4a og 4b kan som hovudregel ikkje krevjast for fødselshjelp som vert gjeven i samband med følgje til fødeinstitusjonar eller under transport. Dersom jordmor følgjer den gravide under transport til helseføretak, skal jordmor krevje refusjon for fødselshjelp og følgje av helseføretaket.

Unntaket er dersom planlagt heimefødsel blir ført over til sjukehus på grunn av komplikasjonar. Taksten kan då krevjast for den tida jordmor gir fødselshjelp før overføringa finn stad. Det arbeidet som vert utført på sjukehus må sjukehuset eventuelt honorere. Heimebesøk før og etter fødselen, vaktberedskap med vidare, vert ikkje dekt av trygda.

Takstane 6a og 6b

Takst 6a og 6b er godtgjering ved vendereis/blindalarm i dei tilfella der jordmora vert tilkalla for fødselshjelp, og det ikkje vert nokon fødsel på dette tidspunktet. Godtgjeringa vert ytt på grunnlag av jordmora si faglege vurdering av situasjonen. Takstane kan berre nyttast i samband med planlagt heimefødsel.

Takstane 7a, 7b og 7c

Takstane 7a, 7b og 7c er tilleggstakstar som kan krevjast når jordmorhjelp er utført på natt, laurdag/søndag, eller på heilagdagar. Takstane kan reknast i tillegg til 4a og 6a. Takst 7a kan kome i tillegg til takst 7b eller 7c når tidspunkta fell saman.

Takst 8

I nokre tilfelle er det nødvendig å tilkalle ei ekstra jordmor som kan vere til stades under forløysinga. Takst 8 kan krevjast for fødselshjelp i inntil 12 timar for sekundærjordmor ved heimefødsel. Taksten kan nyttast ein gong av jordmor som assisterer primærjordmor ved planlagt heimefødsel. Sekundærjordmor må sjølv sende inn krav om taksten.

Relevant regelverk for jordmor

Først publisert: 02.05.2019 Sist fagleg oppdatert: 28.06.2023 Sjå tidlegare versjonar