Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Slik dokumenterer tannlege refusjonskrav

Når du sender refusjonskrav, må du dokumentere at refusjonsvilkåra er oppfylte.

Du må kunne dokumentere vurderingane dine, og pasientjournalen skal innehalde alle relevante og nødvendige vurderingar. Sjå følgjande regelverk:

Som tannlege må du innhente nødvendig dokumentasjon før du startar opp behandling det er aktuelt å krevje refusjon for. Dersom Helfo kontrollerer refusjonskravet, vil vi be deg om å legge fram den aktuelle dokumentasjonen.

Dømer på kva som kan vere relevant dokumentasjon er

  • legeerklæring
  • kopi av aktuelle delar av pasientjournalen
  • røntgenbilder
  • foto og prøvesvar
  • yrkesskadevedtak frå NAV
  • henvisning

Krav til dokumentasjon

Pasientjournalen skal innehalde opplysningar som er relevante og nødvendige. Den skal innehalde foreløpig diagnose, kva slags tann og region det gjeld, observasjonar, funn, undersøkingar, plan eller avtale om vidare oppfølging. I dei tilfella der du gjennomfører behandlingstiltak som ikkje er i samsvar med gjeldande retningslinjer, er det eit særleg behov for å dokumentere kvifor denne behandling er starta opp.

Korleis du skal dokumentere refusjonskrav er nærare beskrive i forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos tannlege og tannpleier for sykdom (lovdata.no) og i rundskriv til folketrygdloven § 5-6, § 5-6 a og § 5-25 – undersøkelse og behandling hos tannlege og tannpleier for sykdom og skade (helsedirektoratet.no).

Dersom ein annan behandlar har tilvist pasienten til deg, har du likevel ei sjølvstendig plikt til å sørgje for at nødvendig dokumentasjon ligg føre, samt dokumentere eigne funn og vurderingar.

Vi minner om at dersom stønadsretten ikkje er dokumentert, kan Helfo krevje tilbake utbetalt refusjon i forbindelse med etterfølgjande kontroll. Dette betyr at du må ha nødvendig dokumentasjon før du sender refusjonskrav til Helfo. Vi oppfordrar deg derfor til å lese nøye om kvar tilstand og kva vurderingar og kva dokumentasjon som vert kravd.

Mangelfull dokumentasjon

Helfo ser at mangelfull dokumentasjon går igjen i forbindelse med krav om refusjon for spesielt nokre tilstandar/tilfelle. Ved å følge lenkene kan du lese meir om disse:

Først publisert: 21.03.2019 Sist fagleg oppdatert: 22.06.2022 Sjå tidlegare versjonar