Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Refusjonsrett etter overgangsordning for psykologspesialistar og psykiaterar

Psykologspesialistar og psykiaterar utan driftstilskot med regionalt helseføretak (RHF) kan ha rett til refusjon frå Helfo dersom dei har hatt refusjonsbasert praksis sidan 1. januar 1993 og fram til i dag.

Dersom du ikkje har avtale om driftstilskot med RHF, vil du normalt ikkje ha refusjonsrett. Det vil likevel kunne vere eit unntak dersom du har drive refusjonsbasert praksis frå før 1. januar 1993 og fram til 1. juli 1998.

Du som er psykologspesialist eller psykiater i denne gruppa må også ha oppretthalde retten til trygderefusjon frå 1. juli 1998 og fram til i dag. Avbrot i praksis kan berre ha vore midlertidig i inntil eitt år på grunn av sjukdom, fødsel/adopsjon og kortvarig vidareutdanning.

Dersom det er tilsett vikar ved avbrot i praksis på grunn av langvarig sjukdom, omsorg for born eller langvarig vidareutdanning, kan retten til trygderefusjon oppretthaldast i inntil tre år.

Dersom du kan dokumentere at du har hatt refusjonsrett etter vilkåra som nemnt over, vil du då etter ei midlertidig overgangsordning kunne oppfylle vilkåra for framleis refusjonsrett. Dette går fram av følgjande forskrift:

forskrift om rett til trygderefusjon for leger, spesialister i klinisk psykologi og fysioterapeuter

Krav til drift av praksisen

Det er eit krav at praksisen skal ha fastsett opningstid eller eit system for timebestilling som kan dokumentere at praksisen representerer eit ope og kontinuerleg helsetilbod til befolkninga. Regionalt helseføretak skal informerast om praksisen.

Det er vidare eit krav at praksisen skal drivast frå lokale som er innreia med nødvendig utstyr til formålet. Der praksisen er retta opp mot ei avgrensa eller spesiell gruppe personar vil ikkje praksisen vere å sjå på som open for alle.

Du må sjølv dokumentere at du har drive praksis med rett til refusjon frå folketrygda, slik at Helfo kan vurdere om vilkåra for refusjonsrett er oppfylt.

Først publisert: 01.03.2019 Sist fagleg oppdatert: 25.03.2022 Sjå tidlegare versjonar