I den nettbaserte spørjetenesta «Pasientens fastlege» vil helseaktørar finne opplysningar om kven som er pasienten sin noverande fastlege med namn og adresse, samt eventuelle vikarar.
Følgjande helseaktørar kan få tilgang til denne spørjetenesta:
- Privatpraktiserande tilbydarar av helsetenester med godkjent autorisasjon
- Audiopedagog
- Logoped
- Helseforetak utanom sjukehusapotek
- AMK-sentralar
- Legevaktsteneste
- Kommunehelsetenesta
- Apotek
- Rehabiliteringsinstitusjonar med avtale med RHF eller kommune
- Fylkeslegar
Brukarnamn og passord til den nettbaserte spørjetenesta får du ved å sende e-post til post@helfo.no med opplysning om kva rolle du har innafor helsetenesta, sjå lista ovanfor. E-posten må også innehalde namn og adresse ettersom brukarnamn og passord må sendast ut via brevpost.
Det kan og vere mogeleg å få maskinell spørjing direkte frå ditt pasientadministrative system (for eksempel EPJ). Kontakt systemleverandøren din dersom du vil vite om du kan få tilgang til denne spørjinga.