Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Viktig informasjon om fastlegeordninga ved årsskiftet

Først publisert: 19.12.2023 Siste faglige endring: 03.01.2024

Frå 1. januar 2024 er det fleire ting kommunane må vere merksame på i samband med fastlegeordninga.

Artikkelen er 116 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

1.januar 2024 blir fleire fylke og ei kommune splitta, og mange kommunar får difor nye kommunenummer. Ein del innbyggarar vert knytt til ny kommune.

I denne forbindelse er det fleire ulike system som må oppdaterast for at FLO (det administrative systemet for fastlegeordninga) skal ha korrekt informasjon frå 1. januar.

Som fylgje av dette er det nokre ting som kommunen og fastlegane må vere merksame på: 

  • Fastlegelistene for januar vil vere noko forseinka som fylgje av desse endringane. Fastlegelistene vil vere tilgjengelege først frå 2. januar. Fastlegelister via nettløysinga vil heller ikkje vere tilgjengelege før 2. januar.
  • Før fastlegane prøver å laste ned fastlegelista for januar, må dei sørge for at nytt kommunenummer er registrert i EPJ-systemet. Dette gjeld for kommunar som får nytt kommunenummer. Viss ikkje rett kommunenummer er registrert i EPJ-systemet, vil distribusjonen av fastlegelista feile.
  • Basistilskotsrapporten er noko forseinka. De kan rekne med å motta rapporten i løpet av fredag 5. januar.