Treng du ei oppdatert utbetalingsoversikt (årsrapport) til skattemeldinga eller andre formål? Behandlarar som har sendt inn refusjonskrav til Helfo, kan logge seg inn på tenesta «Mine oppgjør» i tenesteportalen og enkelt hente ut årsrapporten sjølve.
Du kan velje kva periode du vil ha oversikt over, og du kan få utbetalingsoversikta som PDF- eller Excel-fil. Dersom du har fleire praksisar, kan du få tal for kvar praksis.
I tenesteportalen kan du også hente ut utbetalingsvedtak.
Det er berre du som kan hente ut oversikta, ikkje til dømes ein rekneskapsførar.
Her kan du logge deg på tenesteportalen.