Sida er meint som ei oversikt. Under kvart emne finn du lenke til meir informasjon om mellom anna vilkåra for at pasienten skal kunne få bidrag etter folketrygdlova § 5-22 (lovdata.no).
Når vi på denne sida viser til rundskrivskapittel, gjeld det rundskriv til § 5-22 - bidrag til spesielle formål (helsedirektoratet.no).
Cystisk fibrose
Pasientar med cystisk fibrose kan få dekning av utgifter til noko forbruksmateriell. For at ein pasient skal kunne få denne dekninga, trengs det ei erklæring frå ein spesialist i barnesjukdommar eller lungesjukdommar, eller fra en lege fra tilsvarande avdeling i sjukehus.
Les meir om krav til erklæringa og andre vilkår i rundskrivskapittelet «Cystisk fibrose» (helsedirektoratet.no).
Pasienten din finn informasjon i artikkelen «Refusjon av utgifter til forbruksmateriell ved cystisk fibrose» (helsenorge.no).
Hudlidingar – salvar, kremar, gel og oljar
Pasientar med hudlidingar kan få dekning av nødvendige utgifter til enkelte produkt. For at ein pasient skal få denne dekninga, trengs det ei erklæring frå ein av desse:
-
ein spesialist i dermatologi, pediatri eller tilsvarande sjukehusavdeling
-
ein lege ved Brannskadeavdelinga ved Helse Bergen (inkludert avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering)
Les meir om krav til erklæringa og andre vilkår i rundskrivskapittelet «Hudlidelser – salver, kremer, gel og oljer» (helsedirektoratet.no).
Lenke til skjema for erklæring:
Pasienten din finn informasjon i artikkelen «Betaling for kremer, salver, gel og oljer ved betydelige og kroniske hudlidelser med uttørring av huden» (helsenorge.no).
Medisinsk forbruksmateriell og legemiddel ved iktyose
Pasientar får ikkje lenger dekt utgifter til medisinsk forbruksmateriell og legemiddel ved iktyose etter bidragsordninga.
Pasientane kan få stønad til medisinsk forbruksmateriell ved moderat til alvorleg iktyose på blå resept § 5, punkt g. Legemiddel ved iktyose kan bli dekt etter blåreseptforskrifta §§ 2 og 3.
Det er du som lege som må rekvirere på blå resept og eventuelt søkje Helfo om individuell stønad på vegne av pasientane.
Du og pasienten din finn meir informasjon om hudlidingar på helsenorge.no.
Sjå vilkåra for stønad i rundskriv til § 5-22 - bidrag til spesielle formål
Kroniske og alvorlege sår og fistlar
Pasientar med kroniske og alvorlege sår og fistlar kan få bidrag til dekning av nødvendige utgifter til ein del materiell. For at ein pasient skal få bidrag, trengs det ei erklæring frå ein lege.
Ver merksam på følgande: Dersom sårstell blir utført på eit legekontor, må pasient sjølv kjøpe bandasjemateriell på apotek/bandasjist og ta med til legekontoret for at det skal kunne dekkast etter bidragsordninga.
I enkelte tilfelle er det ikkje Helfo som er ansvarleg for å dekke utgifter til bandasjemateriell, medisinsk forbruksmateriell og reseptfrie legemiddel. Les meir om krav til erklæringa og andre vilkår i rundskrivskapittelet «Kroniske og alvorlige sår og fistler» (helsedirektoratet.no).
Lenke til skjema for erklæring:
Pasienten din finn informasjon i artikkelen «Betaling for bandasjemateriell, forbruksmateriell og reseptfrie legemidler» (helsenorge.no)
Elektrisk brystpumpe
Foreldre med barn som har nedsett sugeevne på grunn av leppe-/kjeve-/ganespalte, kan ha rett til eingongsbidrag til elektrisk brystpumpe. For å få dette bidraget treng dei ei erklæring frå ein relevant legespesialist.
Les meir om krav til erklæringa og andre vilkår i rundskrivskapittelet «Elektrisk brystpumpe» (helsedirektoratet.no).
Foreldra til barnet finn informasjon i artikkelen «Refusjon av utgifter til elektrisk brystpumpe» (helsenorge.no).
Hårvekst
Kvinner med sterkt sjenerande hårvekst i ansiktet kan ha rett til bidrag til elektrolysebehandling. For at ein pasient skal få bidrag, trengs det ei erklæring frå ein relevant legespesialist. Dersom pasienten bor langt frå ein spesialist, kan ein allmennlege skrive erklæringa.
Voksbehandling etter organtransplantasjon
Etter organtransplantasjon kan det gis bidrag til voksbehandling i ansiktet og på andre steder på kroppen når sjenerende hårvekst hos kvinner skyldes bivirkning av medikament med virkestoffet ciklosporin. For at ein pasient skal få bidrag, trengs det ei legeerklæring på at pasienten skal bruke ei relativt høg dose av ciklosporin utover 12 månader etter transplantasjonen og i kva tidsrom det er nødvendig med medikamentbehandling.
Les meir om andre vilkår i rundskrivskapittelet «Hårvekst» (helsedirektoratet.no).
Du og pasienten din finn meir informasjon i artikkelen «Elektrolyse- og voksbehandling ved uønskt/sjenerande hårvekst» (helsenorge.no).
Utgifter som ikkje vert dekka
Kremar, laser eller andre hårfjerningsmetodar vert ikkje dekka av Helfo.
Kurs/samlingar i utlandet
Barn med sjeldne diagnosar kan få bidrag til kurs/samlingar i utlandet. For at Helfo skal kunne gi bidrag, trengs det mellom anna ei legeerklæring/utsegn som dokumenterer at barnet har ei sjeldan diagnose.
Les meir om andre vilkår i rundskrivskapittelet «Kurs/samlinger i utlandet» (helsedirektoratet.no).
-
Foreldra / dei pårørande til barnet finn informasjon i artikkelen «Kursopphald i utlandet for barn med medfødde sjeldne diagnoser» (helsenorge.no)
Behandling-/treningsopphald i utlandet
Barn med bevegelseshemming og behov for behandling-/treningsopphald kan få bidrag til behandling/treningsopphald i utlandet. For at Helfo skal kunne gi bidrag, trengs det mellom anna ei utsegn (uttalelse) frå barnet sin lege om at behandlings-, trenings- eller kursopphaldet i utlandet er vurdert som fagleg forsvarleg.
Les meir om krav til utsegna og andre vilkår i rundskrivskapittelet «Kurs/samlinger i utlandet» (helsedirektoratet.no).
-
Foreldra / dei pårørande til barnet finn informasjon i artikkelen «Behandling, trening eller kurs i utlandet for barn med funksjonsnedsetting» (helsenorge.no).
Opphald på kurssenter
Helfo kan gi bidrag til opphald på nokre kurssenter. Det enkelte senteret må vurdere om vilkåra for bidrag er oppfylt.
Bæreia: Det trengs ei erklæring frå behandlande lege eller sjukehus med relevante opplysningar om tilstanden og om kvifor det er behov for opphald. Pasienten eller legen må sende erklæringa til Forsvarets veteransenter, på Bæreia.
Kurssenter for blinde og svaksynte: Her er det ikkje nødvendig å hente inn legeerklæring for opphaldet.
Montebello: Montebellosenteret må få ei erklæring frå ein lege eller eit sjukehus om at det er nødvendig med eit opphald for pasienten og ein nær pårørande.
Les om regelverk for opphald ved kurssenter.
Sjå vilkåra for bidrag til opphald på kurssenter i rundskrivskapittelet «Opphold på kurssentre» (helsedirektoratet.no).
Pasienten din finn informasjon i desse artiklane:
Legemiddel på kvit resept – overgangsordninga
Bidragsordninga for legemiddel på kvit resept er avslutta. Berre pasientar som fekk utbetalt refusjon etter bidragsordninga for legemiddel kjøpt i 2025, kan få bidrag. Legemidla må framleis være omfatta av ordninga.
Les om vilkåra for å få bidrag til legemiddel på kvit resept i rundskrivskapittelet «Legemidler mv» (helsedirektoratet.no).
Dersom pasienten ikkje har rett til bidrag etter bidragsordninga, kan du vurdere om det finnast aktuelle legemiddel på blåreseptordninga.
Legemidlar ved infertilitetsbehandling og PGD/PGT-behandling
Det kan gis bidrag til utgifter til legemidlar ved infertilitetsbehandling og PGD/PGT-behandling.
For å få bidrag til legemidlar ved infertilitetsbehandling og PGD/PGT-behandling er det ei rekke dokumentasjonskrav som må oppfyllast. Mykje av dokumentasjonen må komme frå behandlande lege.
Les meir i artikkelen «Stønad til legemidler ved infertilitetsbehandling og høsting av sæd av medisinske årsaker».
Sjå også rundskrivskapittelet «Legemidler ved infertilitetsbehandling og PGD/PGT-behandling» (helsedirektoratet.no).
Pasienten din finn informasjon i artikkelen «Støtte til legemidler ved infertilitetsbehandling» (helsenorge.no).
Kreft og immunsvikt
Denne bidragsordninga er avvikla for nye pasientar. Berre dei som har fått utbetalt refusjon for same preparat etter bidragsordninga samanhengande sidan 2017, kan framleis få bidrag.
For at ein pasient skal få bidrag til produkta som er lista opp i rundskrivet, trengs det ein grunngiving frå ein lege. Legen må søke på nytt etter to år.
Les meir om krav til grunngivinga og andre vilkår i rundskrivskapittelet «Kreft og immunsvikt» (helsedirektoratet.no).
Prevensjonsmiddel
Ungdom kan til og med månaden før fylte 22 år få dekka utgifter til prevensjonsmiddel etter ein bidragssats. Denne bidragsordninga omfattar også unge med mannleg personnummer. Prevensjonsmidla må rekvirerast av lege, helsesjukepleier eller jordmor.
Les meir om kva prevensjonsmiddel som er omfatta av ordninga og andre vilkår i rundskrivskapittelet «Prevensjonsmidler» (helsedirektoratet.no).
Pasienten din finn informasjon i artikkelen «Støtte til prevensjon for deg som er under 22 år (helsenorge.no).
Madrass- og puteovertrekk
Born og ungdom under 16 år med dokumentert middallergi kan få eingongsbidrag til utgifter til madrass- og puteovertrekk. For å få dette bidraget trengs ei stadfesting på behovet frå ein av desse:
- ein spesialist i barnesjukdommar, lungesjukdommar, øre-nase-halssjukdommar, indremedisin eller hudsjukdommar
- ein spesialist i allmennmedisin med godkjenning i allergologi
Les om andre vilkår i rundskrivskapittelet «Madrass- og puteovertrekk» (helsedirektoratet.no).
Foreldra / dei pårørande til barnet/ungdomen finn informasjon i artikkelen «Dekning av utgifter til madrass- og puteovertrekk (helsenorge.no).
Reiseutgifter i samband med bidrag
Det kan gis bidrag til reiseutgifter i samband med ridefysioterapi, opphald i kurssenter eller ved anna behandling det gis bidrag til. Når pasientens helsetilstand gjer det nødvendig å bruke drosje, kan fastlegen eller ridefysioterapeuten gi ein rekvisisjon.
Skjema for rekvisisjon:
-
Rekvisisjon for bruk av drosje ved bidragsreiser (05-22.05), bokmål (pdf)
-
Rekvisisjon for bruk av drosje ved bidragsreiser (05-22.05), nynorsk (pdf)
Sjå vilkåra for bidrag til reiseutgifter i rundskrivskapittelet «Reiseutgifter i forbindelse med bidrag» (helsedirektoratet.no).
Pasienten din finn informasjon i artikkelen «Reiseutgifter til ridefysioterapi, elektrolyse og enkelte kursopphald» (helsenorge.no).
Tandemsykkel
Personar som er over 26 år og har nedsett bevegelsesfunksjon, synsfunksjon eller kognitiv funksjon, kan ha rett til bidrag til utgifter til kjøp av tandemsykkel. For at personen skal få bidrag, trengs ei erklæring frå ein lege.
Les meir om krav til legeerklæringa og andre vilkår i rundskrivskapittelet «Tandemsykkel» (helsedirektoratet.no).
Pasienten din finn informasjon i artikkelen «Refusjon av utgifter til tandemsykkel» (helsenorge.no).
Ridefysioterapi
Det er ikkje krav til tilvising for å få bidrag til ridefysioterapi. Ridefysioterapeuten må ved oppstart av behandlinga vurdere om vilkåra for bidrag er oppfylt, og hen må kontinuerleg vurdere effekt av behandlinga og pasientens behov for ytterlegare ridefysioterapi.
For at Helfo skal kunne gi bidrag til ridefysioterapi, må ridefysioterapeuten ha inngått avtale om direkte oppgjer med Helfo.
Les meir om vilkår og målgruppe i rundskrivsartikkelen «Ridefysioterapi» (helsedirektoratet.no).
Pasienten din finn informasjon i artikkelen «Ridefysioterapi» (helsenorge.no).
Spesialvogn
Det kan gis bidrag til spesialvogn til barn med medfødt hoftefeil eller erverva hofteliding. For at Helfo skal kunne gi bidrag, må det i søknaden leggast ved ei erklæring frå ein lege som dokumenterer barnet sin situasjon.
Les om andre vilkår i rundskrivskapittelet «Spesialvogn» (helsedirektoratet.no).
Foreldra / dei pårørande til barnet finn informasjon i artikkelen «Lån av spesialvogn for barn med hoftelidingar» (helsenorge.no).
Rettleiingstenester i apotek
Inhalasjonsrettleiing og oppstartsrettleiing er etablert som ein prøveordning i apotek. Ordningane kan være pasient- eller legeinitiert, og rettleiinga er utan eigendel for pasienten.
Les meir om ordningane i rundskrivskapittelet «Veiledningstjenester i apotek» (helsedirektoratet.no).
Pasienten din finn informasjon i desse artiklane: