Utbetaling og fristar
Refusjonskravet må settast fram innan seks månader etter behandlingsdato for at de skal få utbetalt oppgjeret. Fristen vert rekna frå utløpet av behandlingsmånaden.
Helfos frist for å betale ut oppgjeret er 30 dagar frå kravet vart motteke.
Slik sender de refusjonskrav via Altinn
Ver merksam på at Altinn endrar si tilgangsstyring frå 31. mai 2026. Frå og med denne datoen må du ha tilgangspakken «Helfotjenester med personopplysninger av særlig kategori» for å fylle ut og sende inn dette skjemaet til Helfo.
For å sende inn dette skjemaet på vegne av ei verksemd må du ha tilgangspakken «Helfotjenester med personopplysninger av særlig kategori», som erstattar den tidlegare Altinn-rolla «Helse, sosial- og velferdstjenester». Alternativt kan du få tildelt rettar til å fylle ut og signere denne typen skjema.
Personen som har Altinn-tilgangen «Tilgangsstyrer» eller «Hovedadministrator» i verksemda di kan gi deg tilgangspakken «Helfotjenester med personopplysninger av særlig kategori» eller rettar til å fylle ut og signere denne typen skjema. Les meir om korleis verksemda di kan administrere dei nye tilgangspakkane i Altinn (altinn.no).