Slik dokumenterer fysioterapeut refusjonskrav

For å få utbetalt rettmessig refusjon må dokumentasjonen av refusjonskrava vere i tråd med gjeldande lov, forskrift og avtale.

Dokumentasjonen skal gjere det mogeleg å forstå og kontrollere kvifor det er krevd refusjon.

Når du skriv journal i samsvar med reglane i helsepersonelloven og pasientjournalforskriften, vil det normalt vere tilstrekkeleg dokumentasjon for refusjonskravet. Hugs at det kan vere stilt spesielle krav til kva som må dokumenterast i folketrygdloven eller tilhøyrande forskrift, til dømes i ein takst eller i merknaden til taksten. 

I ein kontroll kan Helfo be deg om journalutdrag for behandling av pasientar du har kravd refusjon for. Helfo legg mest vekt på den tidsnære dokumentasjonen. Refusjonskrav som ikkje er tilstrekkeleg dokumentert, kan føre til tilbakebetaling eller reaksjonar ved kontroll.

Les meir om kontroll av oppgjerskrav (helfo.no), korleis kontrollane blir utført og sjå døme på kontrollvedtak (helfo.no).

Ditt ansvar

Du har ansvaret for at refusjonskravet er korrekt, og at du dokumenterer at refusjonsvilkåra er oppfylt. Det gjeld også om du brukar kunstig intelligens i dokumentasjonsarbeidet.

Spørsmål og svar fra veiledningstjenesten - Helsedirektoratet.

Viss du brukar standardformuleringar eller kopierer tekstar når du dokumenterer refusjonskravet ditt, må desse tekstane i tillegg sei noko om den faktiske/individuelle behandlinga pasienten har fått. Dette er nødvendig for å sannsynliggjere at vilkåra for refusjon er oppfylt. 

 

Først publisert: 23.09.2024 Sist fagleg oppdatert: 06.07.2022 Sjå tidlegare versjonar