Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Slik oppdaterer du informasjon om fastlegekontoret

Fastlegeregisteret er samansett av informasjon om den enkelte fastlege, fastlegeheimel og legekontor. På denne sida finn du informasjon om korleis sikre at informasjonen om legekontoret er rett oppdatert i fastlegeregisteret.

 

Organisasjonseining er grunnlag for kontoropplysningar på helsenorge.no

Informasjon om legekontoret er bygd opp av informasjon henta frå andre register. I botnen ligg informasjon frå Enhetsregisteret. Fastlegeregisteret koplar informasjon frå Enhetsregisteret med ID frå fastlegeheimel/fastlege, vi hentar informasjon frå Enhetsregisteret basert på oppgitt einingsnummer oppgitt frå kommunen.

Informasjonen frå Enhetsregisteret vert supplert med informasjon frå Norsk helsenett sitt adresseregister. Mellom anna kan ein her legge til eit visningsnamn, dersom det er ynskjeleg å vise eit anna namn enn det som ligg i Enhetsregisteret.

Kvart legekontor skal ha eit aktivt organisasjonsnummer i Enhetsregisteret og ei aktiv oppføring i Norsk helsenett sitt adresseregister. Dersom legekontoret har praksis på fleire adresser (sjå informasjon om utekontor nedanfor), må det opprettast eige organisasjonsnummer per praksisadresse (kvar praksis må då også ha ei aktiv oppføring i Norsk helsenett).

Eit organisasjonsnummer per legekontor

For at legekontoret skal vises på helsenorge.no som eige legekontor, med adresse, telefon og anna, må kontoret ha eige organisasjonsnummer.

Kva gjer du når informasjonen om legekontoret på helsenorge.no er feil

Informasjon om gruppepraksis, om kontoret er tilpassa for rørslehemma og om kontoret har utekontor endrar du ved å fylle ut Melding til fastlegeregisteret og sende skjemaet til Helfo via post@helfo.no eller SvarUt. Skjemaet finner du her:

Melding til fastlegeregisteret (05-04.27), bokmål (PDF)

Les også om oppdatering av kontoropplysning i adresseregisteret (NHN)

Informasjon om legekontoret blir i stor grad henta frå Norsk Helsenett sitt adresseregister. 

Informasjon om utekontor

Dersom legekontoret har utekontor, er det viktig at det går fram av informasjonen om legekontoret på helsenorge.no. Dere oppdaterer denne informasjonen ved å sende Melding til fastlegeregisteret til Helfo via post@helfo.no eller SvarUt.   Husk at dere også må melde hvilke fastleger som er på utekontoret.

 

 

Først publisert: 06.05.2019 Sist fagleg oppdatert: 22.09.2022 Sjå tidlegare versjonar