Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Opprette og endre opplysningar om fastlegeavtale

Kommunen har ansvar for å melde frå til Helfo om endringar i opplysningar om fastlegar i kommunen.

Kommunen har ansvar for å organisere fastlegeordninga og sørgje for at personar som ønskjer det får tilgang til fastlege. Fastlegeordninga er heimla i fylgjande forskrift:

forskrift om fastlegeordning i kommunene

Varsling om forventa avslutning av fastlegeavtale

Når ein kommune blir kjent med at ein fastlege skal slutte, må kommunen varsle Helfo om dette. Det gjer kommunen ved å sende ein kort beskjed til post@helfo.no.

Kommunen treng ikkje å sende varsel om fastlegar som sluttar på grunn av alder. Dette kan Helfo hente informasjon om i eige fagsystem.

Den norske legeforening, KS og Helfo har saman laga ei rutine for melding av fastlegeavtalar til Helfo.

Her finn du Rutine for melding om avslutning av fastlegeavtaler til Helfo.

Ny avtale for fastlege

Når ein kommune opprettar eller endrar avtale for fastlegar, må kommunen/bydelen sende informasjon om dette til Helfo, slik at vi får oppdatert registeret. Kommunen eller bydelen nyttar dette skjemaet:

Melding til fastlegeregisteret (05-04.27), bokmål (PDF)

Legg særleg merke til punkt 4 i skjemaet, der kommunen må krysse av for om fastlegen er spesialist i allmennmedisin eller godkjent allmennlege. Informasjon om dette finn kommunen i HPR-registeret. Dette er avgjerande for refusjonsretten til den nye fastlegen, og heimla i forskrift om kompetansekrav i den kommunale helse- og omsorgstjenesten.

Om fastlegen skal vere under spesialisering, dokumenterer kommunen dette ved å krysse av i skjemaet.

Om fastlegen kjem inn under overgangsreglane (dei tre siste punkta i skjemaet), må kommunen avklare dette med fastlegen. Helfo verifiserer informasjonen etter at skjemaet er mottatt i Helfo. 

Endra eller avslutta avtale for fastlege

Dersom legen ønskjer å endre lista si, og enten auke eller redusere talet på pasientar, må dette godkjennast av ansvarleg i kommunen. Ved endring av opplysningar knytt til fastlegelista, må kommunen krysse av for «Endring» i skjema. Når kommunen opprettar ein ny fastlege-avtale, skal kommunen krysse av for «Ny». 

Du finn meir informasjon om fristar for melding til Helfo i Rutine for melding om avslutning av fastlegeavtaler til Helfo.

Introduksjonsavtale

Når kommunen har inngått introduksjonsavtale med introduksjonslege og fastlegar, sender de signert avtale per e-post til post@helfo.no. Helfo vil då registrere avtalen i våre system slik at den privatpraktiserande introduksjonslegen kan inngå avtale om direkte oppgjer med Helfo. Introduksjonsavtalen er også grunnlaget for refusjonsretten til introduksjonslegen. Les meir om introduksjonsavtalar på helsedirektoratet.no.


Endring i introduksjonsavtale

Dersom introduksjonslegen går ut i permisjon/sjukefråvær slik at endeleg sluttdato vert forskyvd, må de som kommune sende e-post til post@helfo.no med informasjon om at introduksjonslegen går ut i permisjon og kva dato denne endringa gjeld ifrå (Helfo treng ikkje informasjon om årsak). Når legen er tilbake frå permisjon ber vi om ny e-post med informasjon om dette.


Dersom det skjer endringar om kva fastlegar som er knytt til avtalen, sender de også informasjon om desse endringane. Send kopi av oppdatert avtale på e-post eller berre gi nødvendig informasjon i e-post til post@helfo.no. 

Informasjon om utekontor

Det er viktig for innbyggarane å finne informasjon om utekontor når dei skal velje fastlege. Kommunen må difor sende informasjon om utekontor til Helfo via dette skjemaet:

Melding til fastlegeregisteret (05-04.27), bokmål (PDF)

Helfo må få melding om kva legekontor som har utekontor, og kva fastlegar som er på utekontor. 

Opne, lukke og låse fastlegeliste

Det er sett eit listetak på alle fastlegelister. Når lista er full vert ho automatisk lukka. Dette betyr at ein innbyggar ikkje kan velje denne fastlegen, men han kan sette seg på venteliste. Fastlegelista blir opna på nytt når det er 10 ledige plassar. Ein fastlege eller ein kommune kan ta kontakt med Helfo og be om at ei lukka liste vert opna, sjølv om der er færre enn 10 ledige plassar.

Kommunen og legen kan sjå tal på innbyggarar på venteliste ved å gå til sjølvbeteningsløysinga «Bytte fastlege» på helsenorge.no, og deretter søke opp den aktuelle fastlegen.

Låse liste

Kommunen kan i spesielle tilfelle melde til Helfo at ei fastlegeliste skal låsast, og eventuelt om venteliste skal slettast, fordi ein av ulike grunnar ikkje ynskjer fleire innbyggarar inn på denne lista. Det er ikkje mogleg å sette seg på venteliste når lista er låst. Ei liste som er låst, vert ikkje opna før kommunen gjev beskjed om dette. Kommunen kan velje å låse ei liste ved å fylle ut følgjande skjema og sende det til Helfo: 

Melding til fastlegeregisteret (05-04.27), bokmål (PDF)

Opne liste

Ei fastlegeliste vert automatisk lukka når listetaket er nådd. Ei liste som er lukka, vil også automatisk opne seg når lista får 10 eller fleire ledige plassar.

Ein fastlege eller kommune kan ta kontakt med Helfo og be om at ei lukka liste vert opna, sjølv om der er færre enn 10 ledige plassar. Dette kan ikkje gjerast når lista er låst. Ei fastlegeliste som er låst, kan berre opnast etter melding frå kommunen.

Når lista vert opna, er det først innbyggarar som ikkje har fastlege og som er busett i kommunen som kjem inn. Desse står på ei fordelingsliste, og vert tildelt plass når det er ledig kapasitet hos fastlege i kommunen. Deretter blir innbyggarar som står på venteliste, tatt inn. Er det framleis ledige plassar igjen, kan nye innbyggarar velje denne fastlegen. 

Varsling ved opning og lukking av fastlegeliste

Legekontoret blir varsla ved opning og lukking av fastlegelister. 

Varsel vert berre sendt til legekontor med registrert gyldig e-postadresse i Norsk Helsenett sitt adresseregister. E-postadresser som inneheld «@edi.nhn.no» er ikkje gyldig. 

Dersom de ikkje ynskjer slikt varsel, kan de ta kontakt med Helfo via post@helfo.no eller på telefon 23 32 70 40 og be om at varsel vert stoppa.

Deleliste

Avtale om deleliste kan inngåast av legar over 60 år som ønskjer nedtrapping og overføring av praksis til annen lege. Lege med minst 50 prosent varig uførhet har også rett til å dele lista si med annan lege på same vilkår. Meir informasjon om deleliste finns i Rammeavtalen, ASA 4310, pkt. 10.8.

Legane må arbeide i same legesenter. Lengda på lista kan ikkje aukast med meir enn 25 prosent berekna ut frå listetaket ved etablering av delelista. Maksimalt tal ein fastlege kan ha er 2500 innbyggarar. Ved etablering av deleliste gjelder føresegnene i punkta 5.4, 5.5 og 5.6 i rammeavtalen. 

Det blir ikkje oppretta ny fastlegeavtale ved avtale om deleliste, og alle innbyggarane blir ståande på ei og same liste. Lista vil være registrert i namnet til fastlegen, og denne vil formelt sett være pasienten sin fastlege til han eller ho avsluttar sin fastlegeavtale.

Legen som inngår avtale om deleliste er ikkje å sjå på som vikar for fastlegen. Avtale om deleliste vil være å sjå på som ein forskotering av overdraging av fastlegeavtale. Begge legane kan derfor jobbe samtidig på delelista.

Dersom ein skal opprette eller gjere endringar på ei deleliste, skal ein nytte skjemaet

Melding til fastlegeregisteret (05-04.27), bokmål (PDF)

Fyll ut og send skjema til Helfo via post@helfo.no eller via SvarUt.

Fellesliste

Ein føresetnad for fellesliste er at kontoret har gruppepraksis. Fellesliste betyr ikkje éi felles liste, men alle fastlegane har kvar si fastlegeliste. Fastlegar med fellesliste har felles ansvar for legetilbodet til alle på fastlegelistene. Det er likevel éin av fastlegane som har hovudansvaret for journal og oppfølging. Pasientar kan likevel bli tatt imot og behandla av ein anna fastlege ved legekontoret når dei har time. Når pasientar skal bestille time, kan dei velje mellom alle fastlegane som har same fellesliste.

Kommunane må melde fastlegane som deltek i ordning med fellesliste til Helfo. Fyll ut punkt 3 i skjemaet Melding til fastlegeregistereret-05-04.27-bokmål.pdf (helfo.no).

Det må sendast eit skjema per lege. Send skjemaet via post@helfo.no eller via SvarUt.
 

Først publisert: 02.05.2019 Sist fagleg oppdatert: 01.11.2023 Sjå tidlegare versjonar