Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Fastlege for ukrainske flyktningar

I samband med krigen i Ukraina har mange flyktningar blitt busett i dei ulike kommunane i Norge. Ikkje alle har fått tildelt fastlege i kommunen der dei bur.

Korleis kan de som kommune være med å sikre fastlege til flyktningar frå Ukraina?

Når det kjem nye flyktningar til kommunen din, ber vi om at de følgjer opp spørsmålet om fastlege. De kan vise til sida «Her får du helsehjelp» på helsenorge.no. Her vil den enkelte finne aktuell informasjon på sitt eige språk.

Viss ein tilsett i kommunen skal hjelpe nokon med å velje fastlege, er det behov for fullmakt. Les meir om «Fullmakt ved kontakt med Helfo» på helsenorge.no. Når fullmakt er gitt kan de ringe Veiledning helsenorge på vegne av den som har gitt fullmakt, for å velje fastlege. De kan ringe Veiledning helsenorge for å sjekke om vedkomande har fastlege i kommunen utan fullmakt.

Automatisk tildeling av fastlege

Innbyggarar som er registrert som busett i Norge med fødselsnummer og privat adresse får automatisk tildelt fastlege i bustadkommunen, viss der er ledig plass. Innbyggarar som bur på mottak og som er registrert med klientadresse (kode 4) i Folkeregisteret får ikkje automatisk tildelt fastlege.

Først publisert: 10.02.2023 Siste faglige endring: 04.01.2024 Se tidligere versjoner