Slik sender kommunen inn krav om fastlønstilskot for fastløna fysioterapeut

For at kommunen/bydelen skal kunne sende inn krav om fastlønstilskot, må de ha registrert opplysningar om kommunen/bydelen i Altinn først.

Frist for framsetting av krav 

Fristen for å sette fram krav er 6 månader frå det tidspunkt kravet tidlegast kunne bli sett fram. Dette betyr at fastlønstilskot for første halvår må settast fram i perioden 1. juli til 31. desember og for andre halvår i perioden 1. januar til 30. juni.

Satsen for fastlønstilskotet vert normalt justert 1. juli med verknad frå og med 1. januar i inneverande år. Krav for første halvår kan derfor ikkje settast fram før ny sats er kjend. Satsen finn du i fylgjande forskrift:

forskrift om fastlønnstilskudd til delvis dekning av kommunenes utgifter til fysioterapitjenesten (lovdata.no)

Ver merksam på at kommunen/bydelen berre skal sette fram eit samla krav per halvår. Helfo betalar ut seinast ein månad etter at kravet er mottatt.

Kravet

Krav om fastlønstilskot skal settast fram via Altinn. Bruk Altinn-skjemaet "Helfos skjema for virksomheter, private aktører, kommuner og helseaktører". Ved innsending skal det leggast ved ei utfylt Excel-fil som bør vere lagra og klar til opplasting før de går inn i Altinn-skjemaet.

Det er viktig at krav om fastlønstilskot for fastløna fysioterapeutar (Excel)  blir nytta slik at Helfo får dei nødvendige opplysningane vi treng for å behandle kravet.

Les meir om vilkåra for utbetaling av fastlønstilskot her.

Tilgangspakke i Altinn (ved innlogging med organisasjonsnummer)

Ver merksam på at Altinn endrar si tilgangsstyring frå 31. mai 2026. Frå og med denne datoen må du ha tilgangspakken «Helfotjenester med personopplysninger av særlig kategori» for å fylle ut og sende inn dette skjemaet til Helfo.

For å sende inn dette skjemaet på vegne av ei verksemd må du ha tilgangspakken «Helfotjenester med personopplysninger av særlig kategori», som erstattar den tidlegare Altinn-rolla «Helse, sosial- og velferdstjenester». Alternativt kan du få tildelt rettar til å fylle ut og signere denne typen skjema.

Personen som har Altinn-tilgangen «Tilgangsstyrer» eller «Hovedadministrator» i verksemda di kan gi deg tilgangspakken «Helfotjenester med personopplysninger av særlig kategori» eller rettar til å fylle ut og signere denne typen skjema. Les meir om korleis verksemda di kan administrere dei nye tilgangspakkane i Altinn (altinn.no).

Først publisert: 06.12.2023 Sist fagleg oppdatert: 01.07.2026 Sjå tidlegare versjonar

Til toppen