Slik sender kommune refusjonskrav for multidose

Kommunen kan søke om eit tilskot på 500 kroner per multidosebruker i heimetenesta per år. Refusjonskrava de sender til Helfo, skal sendast elektronisk via Altinn.

Frist for å sende refusjonskrav

Fristen for å søkje tilskot er seks månader rekna frå utgangen av den månaden då første utlevering i kalenderåret fann stad. 

Eksempel: Fristen for å sende refusjonskrav for multidosebrukarar som får si første utlevering i januar, er 31. juli. Fristen gjeld òg for brukarar som allereie får multidose, og som skal fortsette med det i det nye året.

For nye brukarar som kjem til utover året, er fristen 6 månader frå utgangen av månaden då første utlevering fann stad.

Dette må refusjonskravet innehalde

Refusjonskravet må sendast inn på same organisasjonsnummer som avtalen er inngått på. I Altinn-skjemaet vil de få opp ei liste over kva over- eller undereining de ynskjer å representere (fylle ut skjemaet på vegne av). Det er viktig at de vel den over- eller undereininga som kommunen har registrert multidoseavtalen på, slik at kravet blir sendt inn på rett organisasjonsnummer.

I tillegg skal de fylle inn

  • perioden for kravet
  • talet på nye multidosebrukarar i perioden
  • kravbeløp

Vedlegga skal innehalde informasjon om

  • kor mange multidosebrukarar som er omfatta av ordninga
  • kor mange nye multidosebrukarar det er i perioden for kravet
  • fødselsdato, namn og oppstartdato for kvar enkelt multidosebrukar

Det må kome klart fram kva pasientar det vert kravd refusjon for. Bruk gjerne pasientliste frå samarbeidande apotek/leverandør.

Innsending av refusjonskrav

De treng ikkje å sende refusjonskrav kvar månad. De kan samle opp krav for fleire månader og sende dei samla, så lenge de overheld fristen.

Tilgangspakke i Altinn ved innlogging med organisasjonsnummer

Ver merksam på at Altinn endrar si tilgangsstyring frå 31. mai 2026. Frå og med denne datoen må du ha tilgangspakken «Helfotjenester med personopplysninger av særlig kategori» for å fylle ut og sende inn dette skjemaet til Helfo.

For å sende inn dette skjemaet på vegne av ei verksemd må du ha tilgangspakken «Helfotjenester med personopplysninger av særlig kategori», som erstattar den tidlegare Altinn-rolla «Helse, sosial- og velferdstjenester». Alternativt kan du få tildelt rettar til å fylle ut og signere denne typen skjema.

Personen som har Altinn-tilgangen «Tilgangsstyrer» eller «Hovedadministrator» i verksemda di kan gi deg tilgangspakken «Helfotjenester med personopplysninger av særlig kategori» eller rettar til å fylle ut og signere denne typen skjema. Les meir om korleis verksemda di kan administrere dei nye tilgangspakkane i Altinn (altinn.no).

Utbetaling frå Helfo

Helfo betalar ut oppgjeret så raskt som mogleg, og seinast 30 dagar etter at refusjonskravet er motteke.

Relaterte artiklar

Les om regelverk og refusjonar ved tilskot til multidose.

Først publisert: 21.03.2019 Sist fagleg oppdatert: 11.06.2026 Sjå tidlegare versjonar

Til toppen