Om utbetaling frå Helfo til kommune - for fastlønna lege
Etter at de har sendt inn eit refusjonskrav til Helfo, og dette er utbetalt, vil de få eit utbetalingsvedtak.
Om vedtaket
Vedtaket gir opplysningar om kva de har fått utbetalt i refusjon frå Helfo, og kva konto pengane har gått inn på. Utbetalingsvedtaket gir også informasjon om takstbruk, og korleis den er samanlikna med andre i same yrkesgruppe. De får også informasjon i vedtaket om det er nokon av rekningane de har sendt til Helfo som er avvist på grunn av feil.
Om klagemoglegheiter
De kan klage på vedtaket. Fristen for å sette fram klage er 6 veker frå de fekk vedtaket. Dersom du skal sende ei klage på vegne av nokon andre må du fylle ut og legge ved fullmaktskjema til klaga. Dette gjeld ikkje når det er ein advokat som klagar på vegne av deg.