Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Viktig informasjon om fastlegeordninga ved årsskiftet

Først publisert: 19.12.2023 Siste faglige endring: 19.12.2023

Frå 1. januar 2024 er det fleire ting du som fastlege må vere merksam på.

Artikkelen er 131 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

1. januar 2024 blir fleire fylke og ei kommune splitta, og mange kommunar får difor nye kommunenummer. Ein del innbyggarar vert knytt til ny kommune.

I forbindelse med dette er det fleire ulike system som må oppdaterast for at FLO (det administrative systemet for fastlegeordninga) skal ha korrekt informasjon frå 1. januar.

Som fylgje av dette er det nokre ting du som fastlege må vere merksam på: 

  • Fastlegelistene for januar vil vere noko forseinka som fylgje av desse endringane. Fastlegelistene vil vere tilgjengelege først frå 2. januar. Fastlegelister via nettløysinga vil heller ikkje vere tilgjengelege før 2. januar.
  • Før du prøver å laste ned fastlegelista for januar, må du sikre at nytt kommunenummer er registrert i EPJ-systemet. Dette gjeld deg som er fastlege i ei kommune som får nytt kommunenummer. Viss ikkje rett kommunenummer er registrert i EPJ-systemet, vil distribusjonen av fastlegelista feile.