Dokumentasjonen skal gjere det mogeleg å forstå og kontrollere kvifor det er krevd refusjon.
Når du skriv journal i samsvar med reglane i forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos logoped og audiopedagog § 3, vil det normalt vere tilstrekkeleg dokumentasjon for refusjonskravet. Hugs at det kan vere stilt spesielle krav til kva som må dokumenterast i folketrygdloven eller tilhøyrande forskrift, til dømes i ein takst eller i merknaden til taksten.
I ein kontroll kan Helfo be deg om journalutdrag for behandling av pasientar du har kravd refusjon for. Helfo legg mest vekt på den tidsnære dokumentasjonen. Refusjonskrav som ikkje er tilstrekkeleg dokumentert, kan føre til tilbakebetaling eller reaksjonar ved kontroll.
Les meir om kontroll av oppgjerskrav (helfo.no), korleis kontrollane blir utført og sjå døme på kontrollvedtak (helfo.no).
Ditt ansvar
Du har ansvaret for at refusjonskravet er korrekt, og at du dokumenterer at refusjonsvilkåra er oppfylt. Det gjeld også om du brukar kunstig intelligens i dokumentasjonsarbeidet.
Spørsmål og svar fra veiledningstjenesten - Helsedirektoratet.
Viss du brukar standardformuleringar eller kopierer tekstar når du dokumenterer refusjonskravet ditt, må desse tekstane i tillegg sei noko om den faktiske/individuelle behandlinga pasienten har fått. Dette er nødvendig for å sannsynliggjere at vilkåra for refusjon er oppfylt.
Næringsdrivande logopedar og audiopedagogar er ikkje helsepersonell og har ikkje plikt til elektronisk journal (EPJ) etter forskrift om pasientjournal. Logopedar og audiopedagogar har likevel plikt til å dokumentere refusjonskrav. Plikt til å dokumentere refusjonskrav og ivareta pasienten sitt personvern er best gjennom bruk av EPJ. Helsedirektoratet anbefaler at logopedar og audiopedagogar som har oppgjer med Helfo, nyttar EPJ-system.
- Avtalen om direkteoppgjør (helsedirektoratet.no)
- forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos logoped og audiopedagog § 3