Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Finansiering av helsetenester for asylsøkjarar i Noreg

Asylsøkjarar og familiemedlemmane deira får dekt nødvendige utgifter til helsehjelp i det offentlege helsevesenet. Dei må betale eigendelar for behandlingane.

Informasjonen på denne sida gjeld for alle asylsøkjarar, også dei frå Ukraina.

Offisielt betyr asylsøkjar og flyktning ulike ting.

  • Ein asylsøkjar er ein person som har søkt om vern (asyl) i Noreg, og som ikkje har fått søknaden om opphald endeleg avgjort.
  • Ein flyktning er ein som har fått positivt svar på sin asylsøknad, og som dermed har fått opphaldstillating og flyktningstatus i Noreg. Dei har dei same rettane som andre medlemmer i folketrygda.
  • Ein person kan også ha fått opphald på humanitært grunnlag. I Noreg har denne gruppa dei same rettane som ein med flyktningstatus.

Helsedirektoratet har utarbeidd ein rettleiar som skildrar helsetilbodet til asylsøkjarar, flyktningar og personar som er foreina med familien.

Personar som ikkje har søkt asyl endå, må betale helsetenester sjølve. Dersom pasienten ikkje kan betale, er spørsmålet om betaling i utgangspunktet eit privatrettsleg forhold mellom helseaktøren og pasienten.

Kva type helsetenester har asylsøkjarar og familiemedlemmar rett på?

Asylsøkjarar og familiemedlemmar som oppheld seg i Noreg saman med asylsøkjaren, har rett på dekning av utgifter til nødvendig offentleg helsehjelp som medlem i folketrygda. I denne samanhengen tyder familiemedlem ektefelle eller barn under 18 år til personen som har status som asylsøkjar.

Ansvaret for finansieringa vil følgje ansvarsfordelinga og sørgje-for-ansvaret til kommunane og spesialisthelsetenesta. Unntaket for dette er utgifter i samband med tuberkulosekontroll og helsetenester i transittmottak.

Kva tidsperiode har asylsøkjar rett til helseteneste?

Asylsøkjarar og familiemedlemmar har rett på ytingar frå det tidspunktet dei har søkt om asyl, og fram til asyl eller opphaldsløyve i Noreg blir gitt eller endeleg avslått. Dette følgjer av følgjande lov og forskrift:

Rett til helsehjelp etter endeleg avslag på asylsøknad

Asylsøkjarar som har fått endeleg avslag på asylsøknaden sin, men som likevel ikkje har forlate landet, har framleis rett til strakshjelp frå den offentlege helsetenesta. Utgifter til akutt behandling i primærhelsetenesta i denne perioden kan dekkast etter folketrygdlova kapittel 5.

Utgifter til behandling i spesialisthelsetenesta skal asylsøkjaren sjølv betale. Dersom pasienten ikkje kan betale sjølv, skal den helseinstitusjonen som yter helsehjelpa, dekkje utgifta. Dette går fram av spesialisthelsetenestelova § 5-3.

Korleis skal du som helseaktør fremje refusjonskrav til Helfo?

Du som helseaktør kan rette krav om refusjon til Helfo på vanleg måte. Når du sender inn rekning til Helfo, må du skrive d-nummer på rekninga i staden for fødselsnummer. Dersom helsetenester er utførte før pasienten har fått tildelt d-nummer, kan du skrive fødselsdato, kjønn og namn. Du må dokumentere i pasientjournalen at gyldig asylsøkjarbevis eller annan gyldig dokumentasjon er framvist.

Praktiske spørsmål

1. Kva er gyldig dokumentasjon for ein asylsøkjar?

  • Gyldig asylsøkjarbevis. (Politiet skriv ut eit asylsøkjarbevis når dei mottek ein søknad om asyl.)
  • Kopi av at eventuell klage på avslått asylsøknad er under behandling.
  • Kopi av utvisningsvedtak/avslagsvedtak på asylsøknad. Dette gjev berre rett til akutt hjelp.

 2. Kven rekvirerer d-nummer?

Som regel rekvirer UDI d-nummer for asylsøkjarar, men det er også andre instansar som kan gjere dette. Det er behovet til vedkomande som treng d-nummer, som avgjer kven som skal rekvirere. Les meir om d-nummer hjå Skatteetaten

3. Skal asylsøkjarar betale eigendel?

Ja, asylsøkjarar skal betale eigendelar for behandlingane dei får. Unntaket er når asylsøkjaren er i transittmottak, då skal UDI betale eigendelen.

Eigendelar som er betalt før asylsøkjaren har fått d-nummer, blir ikkje registrert automatisk i frikortoppteninga. Pasienten må sjølv sende inn kvitteringar og gyldig dokumentasjon (sjå punkt 1) til Helfo for å få eigendelane registrert.

4. Kven skal betale eigendel dersom asylsøkjaren ikkje kan betale sjølv?

Dersom pasienten ikkje kan betale sjølv, må kommunen/tenesteytaren betale. Dette følgjer av spesialisthelsetenestelova § 5-3.

5. Kven dekkjer førstegangskontrollar for nykomne i kommunen?

Førstegangskontrollar, inklusive blodprøvetaking av nykomne innvandrarar og flyktningar, er definert som førebyggjande arbeid og kartlegging av helsestatus for den enkelte. Folketrygda og Helfo gjev ikkje støtte til dette, og det er kommunen som må ta desse kostnadane. 

Les meir i rettleiaren som skildrar helsetilbodet til asylsøkjarar, flyktningar og personar som er foreina med familien frå Helsedirektoratet.

6. Kven betalar obligatorisk tuberkulosekontroll? 

UDI betalar for den obligatoriske tuberkulosekontrollen. Pasienten skal dermed ikkje betale. Ta kontakt med UDI for nærmare informasjon om korleis ein sender inn desse krava.

7. Har asylsøkjarar rett til tannbehandling?

Asylsøkjarar som bur i statlege mottak, har krav på akutt tannhelsehjelp. Det er fylkeskommunen som skal sørgje for at denne hjelpa er tilgjengeleg.

Du kan lese meir om fagleg innhald i tannbehandlinga og betalingsordningar i kapittel 5.3 i nasjonal veileder for helsetjenester til asylsøkere, flyktninger og familiegjenforente

Når ein asylsøkjar buset seg i ei kommune og ikkje lenger er i statleg mottak, får vedkommande rett til tannbehandling på lik linje med andre medlemmar i folketrygda. Les meir på helsenorge.no om stønad til tannbehandling.

Først publisert: 06.12..12.2018 Sist fagleg oppdatert: 06.05.2022 Sjå tidlegare versjonar