Hopp til hovedinnholdet

Ofte brukte takstar for privat logoped og audiopedagog

Her finn du ei oversikt over ofte brukte takstar for privat logoped og audiopedagog.

Du kan bruke ulike takstar når du krev refusjon frå Helfo for undersøking og behandling:

  • Takst A1: undersøking 1 562 kroner
  • Takst A2: behandling i 45 min. 782 kroner
  • Takst A3: behandling i 60 min. 1 036 kroner
  • Takst A4a: behandling i gruppe på inntil 5 personar i 90 min. 1 508 kroner
  • Takst A4b: 16 kroner i tillegg per person i gruppa
  • Takst A5a: Møtegodtgjersle med reisetid når logopeden eller audiopedagogen deltek i planlagt samarbeidsmøte med anna helse- og sosialfaglig personell som ledd i et behandlings- eller rehabiliteringsopplegg for enkeltpasientar. Bereknes for arbeid i inntil ein halv time. Møtet skal vere dokumentert i journal. Taksten er 325 kroner.
  • Takst A5b: Tillegg for tidsbruk utover ein halv time: 325 kroner. Takstane A5a og A5b føreset et samarbeidsmøte med anna helse- og sosialfaglig personell, og kan ikkje brukast ved møter med pårørande, pedagogisk personell i skule eller barnehage og arbeidsgivar eller liknande.
  • Takst A6: 63 kroner for telefonsamtale / skriftlig kommunikasjon om enkeltpasient med fagpersoner i kommunal helse- og omsorgsteneste.

Hugs å sette deg inn i vedlegg i forskrifta og å bruke takstane etter gjeldande regelverk:

vedlegg 1 til § 5-10 - honorartakster for undersøkelse/behandling logoped/audiopedagog

Heimebehandlingstillegg og reisetillegg blir dekka etter satsane i forskrifta dersom pasienten ikkje kan møte fram på behandlingsstaden på grunn av sin helsetilstand. Behovet for heimebehandling må vere bekrefta av lege. For behandling i pasienten sin heim kan det ytast eit tillegg til behandlingstakstane på 10 kroner. I tillegg til dette kan det ytast reisetillegg etter fastsette takstar.

Først publisert: 21.03.2019