Hopp til hovedinnholdet

Regelverk for privat logoped og audiopedagog

Helfo kan gi stønad til undersøking og behandling hos privatpraktiserande logoped og audiopedagog etter folketrygdlova dersom det offentlege ikkje yter stønad etter anna lov.

Denne stønaden er regulert i følgjande forskrift:

forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling forspråk- og taledefekter hos logoped og audiopedagog

​Det er kommunane og fylkeskommunane sitt ansvar å gi tilbod om behandling hjå logoped- og audiopedagog til born, ungdom og vaksne som har rett til eit spesialpedagogisk tilbod.

Helfo kan yte stønad til behandling hos logoped dersom det gjeld behandling ved sjukdom, skade eller lyte, dersom brukar ikkje kan få eit tilbod om behandling etter anna lovgiving.

Vilkår for refusjon for logoped/audiopedagog

Formålet med refusjon frå Helfo er å kompensere for nødvendige utgifter til helsetenester ved mellom anna sjukdom, skade eller lyte. Dette følgjer av formålsføresegna i folketrygdlova § 5-1:

folketrygdloven kapittel 5

Du som logoped eller audiopedagog er ansvarleg for å vurdere om vilkåra i følgjande forskrift er oppfylt før behandlinga startar:

forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling forspråk- og taledefekter hos logoped og audiopedagog

Vilkåra for refusjon er også omtalt i § 1 i følgjande rundskriv: 

rundskriv til § 5-10 - logoped/audiopedagog

Du må mellom anna vurdere om behandlinga er medisinsk nødvendig, og om behandlinga er av vesentleg verknad for sjukdomen og funksjonsevna til pasienten.  

Det er eit vilkår for stønad at lege har tilvist (henvist) pasienten til logopedisk eller audiopedagogisk undersøking og behandling. Legen må stadfeste at pasientens behov er eit ledd i behandling eller etterbehandling av sjukdom, skade eller lyte.

Før behandlinga startar, må det ligge føre erklæring frå spesialist eller spesialavdeling på sjukehus om at sjukdom er årsak til behandlingsbehovet. Kravet til spesialisterklæring kan fråvikast i særskilte tilfelle. Dette er omtalt i § 1 i rundskrivet til forskrift om dekning av logopedutgifter.

Helfo kan yte stønad til opptil 25 behandlingar, jf. § 4 i forskrifta med tilhøyrande vedlegg:

Du som behandlar kan berre krevje refusjon for det tal behandlingar som er medisinsk nødvendig for pasienten. Pasienten må ha tilvising frå lege før behandlinga startar. Tilvisinga kan ikkje daterast tilbake.

Pasientar over 18 år

Tilvisingane for pasientar over 18 år skal ikkje godkjennast av Helfo før behandlinga startar. Ved ein eventuell kontroll må likevel desse tilvisingane  kunne dokumenterast. 

Dersom brukaren er over 18 år og har behov for meir enn 25 behandlingar, må du dokumentere at behovet for ytterlegare behandling er vurdert av både lege og deg som logoped eller audiopedagog. Dette følgjer av § 4 i rundskrivet til forskrift om dekning av logopedutgifter.

Logoped eller audiopedagog som sender oppgjer elektronisk via Norsk Helsenett eller på CD/minnebrikke, slepp å legge ved dokumentasjon for vaksne pasientar. Føresetnaden er at legens helsepersonellnummer, dato for legens vurdering og pasientens diagnose går fram av rekninga.

Pasientar under 18 år

Tilvisingar som gjeld barn under 18 år, skal godkjennast av Helfo før behandlinga startar.

Dersom barn under 18 år har behov for fleire enn 25 behandlingar, må du sende inn ein ny søknad til Helfo. Søknaden skal innehalde vurdering frå både lege og deg som logoped eller audiopedagog om behovet for ytterlegare behandling.

Dokumentasjon av refusjonskravet for logoped/audiopedagog

Du som logoped eller audiopedagog er ikkje definert som helsepersonell etter følgjande lov:

helsepersonelloven

Du er difor heller ikkje bunden av journalforskrifta, som presiserer form og innhald som skal registrerast ved ei behandling: 

forskrift om pasientjournal

Helfo vil likevel tilrå at du fører ein pasientjournal som samsvarer med journalforskrifta. Du bør også dokumentere alle behandlingar/konsultasjonar for kvar pasient. Ved ein kontroll av refusjonskravet krev Helfo dokumentasjon for den utførte behandlinga. Kva du skal dokumentere i refusjonskravet går fram av

rundskriv til § 5-10 - logoped/audiopedagog

Du bør setje av nødvendig tid til administrative oppgåver, slik at refusjonskravet blir korrekt og godt nok dokumentert.

Les meir om korleis du skal sende inn og dokumentere krava her.

Først publisert: 06.12.2018