Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Regelverk for logoped og audiopedagog

Helfo kan gi stønad etter folketrygdlova til undersøking og behandling hos privatpraktiserande logopedar og audiopedagogar.

Kommunen, fylkeskommunen eller Helfo? 

Pasientane kan ha rett til å få stønad til logoped- og audiopedagogtenester frå kommunen, fylkeskommunen eller Helfo. Retten til logoped- og audiopedagogtenestar er i hovudsak regulert i helse- og omsorgstjenesteloven, opplæringslova, og barnehageloven.

I rundskrivet til folketrygdloven § 5-10, kapittel 2, er rammene for Helfos stønadsordning for logoped- og audiopedagogbehandling nærare skildra. Her kan du også lese om grensesnittet til anna lovgiving. 

Folketrygdloven kapittel 5, som Helfo forvaltar, er sekundær til anna lovgiving. Det betyr at dersom det offentlige gir stønad til logoped- og audiopedagogtenester etter anna lovgiving, har pasienten ikkje rett på stønad etter folketrygdloven.

Tenestar frå privatpraktiserande logopedar og audiopedagogar skal ikkje fortrenge kommunale / fylkeskommunale logoped- og audiopedagogtilbud, som er det primære offentlege tilbodet. Du som logoped eller audiopedagog bør derfor ha kunnskap om kva rettar dine pasientar kan ha til kommunale / fylkeskommunale tilbod.

Vilkår for refusjon fra Helfo

Helfo kan gi stønad til undersøking og behandling hjå logoped- og audiopedagog dersom vilkåra i folketrygdlova §5-10 er oppfylt, og det offentlege ikkje gir stønad etter anna lovgiving.

Formålet med refusjon frå Helfo er å kompensere for nødvendige utgifter til helsetenester ved mellom anna sjukdom, skade eller lyte. Dette følgjer av formålsføresegna i folketrygdlova § 5-1:

folketrygdloven kapittel 5

Du som logoped eller audiopedagog er ansvarleg for å vurdere om pasienten fyller vilkåra for stønad i folketrygdlova § 5-10 og i følgjande forskrift, både ved undersøking og under heile behandlinga:

forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos logoped og audiopedagog

Det er eit vilkår at pasienten er tilvist frå lege, og legen må oppgi diagnose på tilvisinga. Det er berre legar som kan tilvise. Behandlinga må vere av vesentleg betydning for pasienten sin sjukdom og funksjonsevne.

Det krevjast ikkje lenger tilvising frå spesialist før oppstart av behandling.

Det er heller ikkje lenger krav til førehandstilsegn frå Helfo.

Dokumentasjon av refusjonskrav

Du som logoped eller audiopedagog må dokumentere refusjonskravet og dine vurderingar i journal, med opplysningar om kva undersøkingar som er utført og kva behandling som er gitt i det enkelte tilfellet. Pasientjournalen skal innehalde alle opplysningar som er relevante og nødvendige.

Du bør setje av nødvendig tid til administrative oppgåver, slik at refusjonskravet blir korrekt og godt nok dokumentert.

Les meir om korleis du skal sende inn og dokumentere krava her.

Først publisert: 06.12.2018 Sist fagleg oppdatert: 01.02.2023 Sjå tidlegare versjonar