Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Legemiddel på kvit resept og infertilitetsbehandling

Her finn du som er lege, informasjon om refusjon av legemiddel på kvit resept og infertilitetsbehandling.

Bidragsordninga for reseptpliktige legemiddel er avvikla for nye brukarar.

Legemiddel på kvit resept

Berre dei som fekk utbetalt refusjon etter bidragsordninga for legemiddel kjøpt i 2019, kan få bidrag.

Dette gjeld berre for dei legemidla det allereie er utbetalt refusjon for. For å få utbetalt refusjon for kjøp i 2020 må pasienten ha fått utbetalt refusjon for kjøp året før. Legemidlet må framleis være omfatta av ordninga. Fra 2020 er legemidla Forsteo og Resolor fjerna fra bidragsordninga.

Bidragsordninga kan du og pasienten din lese meir om på helsenorge.no.

Faller pasienten utanfor bidragsordninga, kan du vurdere å søkje om individuell stønad på blå resept.

Bidragsordninga som gir refusjon av utgifter til legemidlar ved infertilitetsbehandling og PGD-behandling og prevensjonsmidlar til kvinner mellom 16 og 22 år held fram som før.

Infertilitetsbehandling

Om pasienten/pasientane er ufrivillig barnlause og treng behandling for dette, kan dei få refusjon for utgifter til legemiddel som dei bruker. Denne ordninga kan du og pasienten/pasientane lese meir om på helsenorge.no​.

Først publisert: 02.05.2019 Sist fagleg oppdatert: 30.12.2019 Sjå tidlegare versjonar