Hopp til hovedinnholdet

Legemiddel på kvit resept og infertilitetsbehandling

Her finn du som er lege, informasjon om refusjon av legemiddel på kvit resept og infertilitetsbehandling.

Bidragsordninga for reseptpliktige legemiddel er avvikla.

Stortinget har vedteke en gradvis avvikling av bidrag til reseptpliktige legemidler. Dette inneber at nye pasientar ikkje har fått bidrag etter 1. januar 2018.  

Overgangsordning for legemiddel på kvit resept

Berre dei som fekk utbetalt refusjon etter bidragsordninga for legemiddel kjøpt i 2017, kan få bidrag etter ei overgangsordning.

Overgangsordninga gjeld i 2018 og 2019, og berre for dei legemidla dei allereie har fått stønad til. For å få utbetalt refusjon for kjøp i 2019 må pasienten ha fått utbetalt refusjon for kjøp i 2018. Legemidlet må framleis være omfatta av ordninga.

Bidragsordninga kan du og pasienten din lese meir om på helsenorge.no.

Bidragsordninga som gir refusjon av utgifter til legemidlar ved infertilitetsbehandling og PGD-behandling og prevensjonsmidlar til kvinner mellom 16 og 22 år er ikkje omfatta av endringa.

Ler meir om bidragsordninga på helsedirektoratet.no

Infertilitetsbehandling

Om pasienten/pasientane er ufrivillig barnlause og treng behandling for dette, kan dei få refusjon for utgifter til legemiddel som dei bruker. Denne ordninga kan du og pasienten/pasientane lese meir om på helsenorge.no​.

Først publisert: 02.05.2019

Skriv ut/Lag PDF er midlertidig deaktivert