Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Slik sender tannpleiar refusjonskrav

Refusjonskrava du sender til Helfo, skal som hovudregel sendast elektronisk over Helsenettet. Du kan berre sende inn refusjonskrav for behandling du sjølv har utført.

Helfo sluttar å sende papirfrikort til digitale brukarar

7. april 2021 sluttar Helfo å sende frikort for helsetenester på papir til digitale brukarar. Brukarar som verken har registrert seg på helsenorge.no eller har digital postkasse (Digipost eller e-Boks) vil framleis få frikortet på papir i posten.

Du gjer det enklare for pasienten din ved å

  • bruke frikort-spørringa («Pasientens frikortstatus»), slik at pasienten slepp å vise frem frikortet
  • rapportere eigendelane hyppig til Helfo, slik at pasientane får frikortet raskast mogleg

Pasientane finn frikort og frikortvedtak ved å logge seg inn på helsenorge.no.

Her kan du som er helseaktør lese korleis du kan ta i bruk frikort-spørringa.

Plikt til digital innsending av refusjonskrav

Lovendringa med plikt til direkte oppgjer frå 1. januar 2021 medfører også at du som helseaktør må sende refusjonskrav digitalt. Dei fleste helseaktørar gjer det i dag, ved å sende refusjonskrav via Helsenettet. Er du logoped/audiopedagog eller har refusjonskrav som i gjennomsnitt er på under 40 000 kroner per månad per praksis, tilbyr Helfo ei alternativ, kostnadsfri teneste som du finn informasjon om nedanfor.

Du kan lese meir om plikt til direkte oppgjer og digital innsending i forskrift om direkte oppgjør for stønad etter folketrygdloven kapittel 5 og rundskriv til forskrift om direkte oppgjør for stønad etter folketrygdloven kapittel 5.

Avtalen om direkteoppgjer er personleg og du kan som hovudregel berre kreve refusjon for behandlingar som du sjølv har utført. Det betyr mellom anna at du ikkje kan signere for andre sine refusjonskrav med din personlege Buypass ID ved innsending av refusjonskrav over Helsenettet. 

Eigendelane som tel med i pasientane si opptening til frikort, rapporterer du som ein del av refusjonskravet.

Les meir om kva rekningane skal innehalde og korleis dokumentere.

Utbetaling og fristar

Du må rapportere eigendelar minst kvar 14. dag over linje slik at pasienten din får frikort til rett tid. Dette kravet er heimla i følgjande forskrift:

forskrift om behandling av helseopplysninger i Egenandelsregisteret (egenandelsregisterforskriften)

Du rapporterer eigendelar ved å sende refusjonskrav. Refusjonskravet må settast fram innan seks månader etter behandlingsdato for at du skal få utbetalt oppgjeret. Fristen vert rekna frå utløpet av behandlingsmånaden.

Helfo sin frist for å betale ut oppgjeret er

  • 5 dagar frå kravet vart motteke dersom kravet er sendt digitalt
  • 30 dagar frå kravet vart motteke dersom kravet er send i posten

Du kan sende kravet så ofte du vil.

Slik koplar du deg på Helsenettet

Å levere refusjonskrav via Helsenettet er økonomisk, effektivt og sikkert.

Dersom du ikkje er kopla til Helsenettet, kontaktar du EPJ-leverandøren din for å få konkret og tilpassa informasjon om kva val du kan gjere, og kva konsekvensar dei ulike alternativa gir.

Bestill Helsenettet gjennom eller etter avtale med EPJ-leverandøren din, eller ta NHN-spørsmål og svar for råd og rettleiing.

For å kople deg på Helsenettet treng du Buypass ID

Dersom du har EPJ, men ikkje er på Helsenettet

Du som tidlegare har lasta ned refusjonskrav frå EPJ (elektronisk pasientjournal) til minnepinne eller CD/DVD og sendt dette til Helfo, kan nå laste opp refusjonskravet ditt direkte i tjenesteportalen for helseaktørar. Du slepp å bruke samlerekning. Kravet blir automatisk behandla, og utbetalinga kjem raskare på konto.

Den nye tenesta er no tilgjengeleg via https://internett-portal.helsedirektoratet.no.

Du loggar deg inn ved hjelp av elektronisk legitimasjon, som for eksempel BankID, BankID på mobil, BuyPass eller liknande. Vel tenesta «Oppgjør med Helfo» for å kome inn i tenesta. Tenesta er lett å bruke og du får rettleiing undervegs.

Først publisert: 25.03.2019 Sist fagleg oppdatert: 01.01.2021 Sjå tidlegare versjonar