Slik sender tannlege refusjonskrav

Refusjonskrava du sender til Helfo, skal som hovudregel sendast elektronisk over Helsenettet. Du kan berre sende inn refusjonskrav for behandling du sjølv har utført.

Avtalen om direkteoppgjer er personleg og du kan berre kreve refusjon for behandlingar som du sjølv har utført. Det betyr mellom anna at du ikkje kan signere for andre sine refusjonskrav med din personlege Buypass ID ved innsending av refusjonskrav over Helsenettet.  

Eigendelane som tel med i pasientane si opptening til frikort, rapporterer du som ein del av refusjonskravet.

 

Les meir om kva rekningane skal innehalde og korleis dokumentere.

Utbetaling og fristar

Du må rapportere eigendelar minst kvar 14. dag over linje slik at pasienten din får frikort til rett tid. Dette kravet er heimla i følgjande forskrift:

forskrift om behandling av helseopplysninger i Egenandelsregisteret (egenandelsregisterforskriften)

Du rapporterer eigendelar ved å sende refusjonskrav. Refusjonskravet må settast fram innan seks månader etter behandlingsdato for at du skal få utbetalt oppgjeret . Fristen vert rekna frå utløpet av behandlingsmånaden.

 

Helfo sin frist for å betale ut oppgjeret er

  • 5 dagar frå kravet vart motteke dersom kravet er sendt over linje
  • 30 dagar frå kravet vart motteke dersom kravet er send i posten

Slik koplar du deg på Helsenettet

Å levere refusjonskrav via Helsenettet er økonomisk, effektivt og sikkert.

Dersom du ikkje er kopla til Helsenettet, kontaktar du EPJ-leverandøren din for å få konkret og tilpassa informasjon om kva val du kan gjere, og kva konsekvensar dei ulike alternativa gir.

Bestill Helsenettet gjennom eller etter avtale med EPJ-leverandøren din, eller ta direkte kontakt med Norsk Helsenett for råd og rettleiing.

For å kople deg på Helsenettet treng du Buypass ID

Først publisert: 25.03.2019