Slik sender psykolog refusjonskrav

Refusjonskrava du sender til Helfo skal normalt sendast elektronisk over Helsenettet. Som hovudregel kan du berre sende refusjonskrav for behandling du sjølv har utført.

Avtalen om direkteoppgjer er personleg og du kan som hovudregel berre kreve refusjon for behandlingar som du sjølv har utført. Det betyr mellom anna at du ikkje kan signere for andre sine refusjonskrav med din personlege Buypass ID ved innsending av refusjonskrav over Helsenettet. 

Unntak:

  • Arbeid utført av hjelpepersonell etter delegasjon, skal inngå i refusjonskravet frå psykologen, ettersom psykologen er ansvarleg for arbeidet både fagleg og økonomisk.

Eigendelane som tel med i pasientane si opptening til frikort, rapporterer du som ein del av refusjonskravet.

Utbetaling og fristar

Du må rapportere eigendelar minst kvar 14. dag over linje slik at pasienten din får frikort til rett tid. Dette kravet er heimla i følgjande forskrift:

forskrift om behandling av helseopplysninger i Egenandelsregisteret (egenandelsregisterforskriften)

Du rapporterer eigendelar ved å sende refusjonskrav. Refusjonskravet må settast fram innan seks månader etter behandlingsdato for at du skal få utbetalt oppgjeret . Fristen vert rekna frå utløpet av behandlingsmånaden.

Helfo sin frist for å betale ut oppgjeret er

  • 5 dagar frå kravet vart motteke dersom kravet er sendt digitalt
  • 30 dagar frå kravet vart motteke dersom kravet er send i posten

Du kan sende kravet så ofte du vil.

Slik koplar du deg på Helsenettet

Å levere refusjonskrav via Helsenettet er økonomisk, effektivt og sikkert.

Dersom du ikkje er kopla til Helsenettet, kontaktar du EPJ-leverandøren din for å få konkret og tilpassa informasjon om kva val du kan gjere, og kva konsekvensar dei ulike alternativa gir.

Bestill Helsenettet gjennom eller etter avtale med EPJ-leverandøren din, eller ta direkte kontakt med Norsk Helsenett for råd og rettleiing.

For å kople deg på Helsenettet treng du Buypass ID

Dersom du har EPJ, men ikkje er på Helsenettet

Du som tidlegare har lasta ned refusjonskrav frå EPJ (elektronisk pasientjournal) til minnepinne eller CD/DVD og sendt dette til Helfo, kan nå laste opp refusjonskravet ditt direkte i tjenesteportalen for helseaktørar. Du slepp å bruke samlerekning. Kravet blir automatisk behandla, og utbetalinga kjem raskare på konto.

Den nye tenesta er no tilgjengeleg via https://internett-portal.helsedirektoratet.no.

Du loggar deg inn ved hjelp av elektronisk legitimasjon, som for eksempel BankID, BankID på mobil, BuyPass eller liknande. Vel tenesta "Mine oppgjør" for å kome inn i tenesta. Tenesta er lett å bruke og du får rettleiing undervegs.

Du som sender refusjonskrav på papir, kan ikkje nytte denne tenesta. Teneste for registrering av refusjonskrav på nett vert etter planen gjort tilgjengeleg før nyttår. 

Dersom du ikkje har EPJ

Du som tidlegare har sendt inn samlerekningar saman med papirblankettar, kan no nytte ny løysing for manuell registrering i tenesteportalen for helseaktørar. Du slepp då å bruke samlerekning. Kravet blir automatisk behandla, og utbetalinga kjem raskare på konto.

Den nye tenesta er tilgjengeleg via https://internett-portal.helsedirektoratet.no.

Du loggar deg inn ved hjelp av elektronisk legitimasjon, som for eksempel BankID, BankID på mobil, BuyPass eller liknande. Vel tenesta «Mine oppgjør» for å kome inn i tenesta. Tenesta er lett å bruke og du får rettleiing undervegs.

Les meir om kva rekningane skal innehalde og korleis dokumentere.

Først publisert: 22.03.2019 Sist fagleg oppdatert: 30.09.2020