Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Slik sender ortoptist refusjonskrav

Refusjonskrav til Helfo skal sendast elektronisk. Du kan berre sende refusjonskrav for behandling du sjølv har utført.

Du som helseaktør må ha avtale om direkte oppgjer for at pasienten din skal kunne få behandling som gjev rett til stønad.

Du kan lese meir om plikt til direkte oppgjer og digital innsending i forskrift om direkte oppgjør for stønad etter folketrygdloven kapittel 5 og rundskriv til forskrift om direkte oppgjør for stønad etter folketrygdloven kapittel 5.

Avtalen om direkteoppgjer er personleg og du kan berre krevje refusjon for behandlingar som du sjølv har utført. Det betyr mellom anna at du ikkje kan signere for andre sine refusjonskrav med din personlege Buypass ID ved innsending av refusjonskrav.

Utbetaling og fristar

Refusjonskravet må settast fram innan seks månader etter behandlingsdato for at du skal få utbetalt oppgjeret. Fristen vert rekna frå utløpet av behandlingsmånaden.

Helfo sin frist for å betale ut oppgjeret er 5 dagar frå kravet vart motteke. 

Du kan sende refusjonskrav så ofte du vil.

Slik koplar du deg på Helsenettet

Å levere refusjonskrav via Helsenettet er økonomisk, effektivt og sikkert.

Dersom du ikkje er kopla til Helsenettet, kontaktar du EPJ-leverandøren din for å få konkret og tilpassa informasjon om kva val du kan gjere, og kva konsekvensar dei ulike alternativa gir.

Bestill Helsenettet gjennom eller etter avtale med EPJ-leverandøren din, eller ta NHN-spørsmål og svar for råd og rettleiing.

For å kople deg på Helsenettet treng du Buypass ID

Dersom du har EPJ, men ikkje er på Helsenettet

Du må laste opp refusjonskravet ditt direkte i tenesteportalen for helseaktørar. Kravet blir automatisk behandla, og utbetalinga kjem raskare på konto.

Tenesta er tilgjengeleg via https://internett-portal.helsedirektoratet.no.

Du loggar deg inn ved hjelp av elektronisk legitimasjon, som for eksempel BankID, BankID på mobil, BuyPass eller liknande. Vel tenesta «Oppgjør med Helfo» og «Last opp refusjonskrav» for å kome inn i tenesta. Tenesta er lett å bruke og du får rettleiing undervegs.

Dersom du ikkje har EPJ

Du som tidlegare har sendt inn samlerekningar saman med papirblankettar, må nytte løysing for manuell registrering i tenesteportalen for helseaktørar. Kravet blir automatisk behandla, og utbetalinga kjem raskare på konto.

Tenesta er tilgjengeleg via https://internett-portal.helsedirektoratet.no.

Du loggar deg inn ved hjelp av elektronisk legitimasjon, som for eksempel BankID, BankID på mobil, BuyPass eller liknande. Vel tenesta «Oppgjør med Helfo» og «Manuell registrering» for å kome inn i tenesta. Tenesta er lett å bruke og du får rettleiing undervegs.

Les kva rekningane skal innehalde og korleis dokumentere refusjonskravet.

Først publisert: 25.04.2019 Sist fagleg oppdatert: 19.11.2020 Sjå tidlegare versjonar