Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Slik sender logoped og audiopedagog refusjonskrav

Refusjonskrav til Helfo skal sendast elektronisk. Du kan berre sende refusjonskrav for behandling du sjølv har utført.

Plikt til direkte oppgjer og digital innsending av refusjonskrav

Du som helseaktør må ha avtale om direkte oppgjer for at pasienten din skal kunne få behandling som gjev rett til stønad. Du må sende refusjonskrav digitalt. Er du logoped/audiopedagog eller har refusjonskrav som i gjennomsnitt er på under 40 000 kroner per månad per praksis, tilbyr Helfo ei alternativ, kostnadsfri teneste som du finn informasjon om nedanfor.

Du kan lese meir om plikt til direkte oppgjer og digital innsending i forskrift om direkte oppgjør for stønad etter folketrygdloven kapittel 5 og rundskriv til forskrift om direkte oppgjør for stønad etter folketrygdloven kapittel 5.

Avtalen om direkteoppgjer er personleg og du kan berre krevje refusjon for behandlingar som du sjølv har utført. Det betyr mellom anna at du ikkje kan signere for andre sine refusjonskrav med din personlege Buypass ID ved innsending av refusjonskrav over Helsenettet. 

Utbetaling og fristar

Refusjonskravet må settast fram innan seks månader etter behandlingsdato for at du skal få utbetalt oppgjeret. Fristen vert rekna frå utløpet av behandlingsmånaden.

Helfo sin frist for å betale ut oppgjeret er 5 dagar frå kravet vart motteke. 

Du kan sende kravet så ofte du vil.

Slik koplar du deg på Helsenettet

Å levere refusjonskrav via Helsenettet er økonomisk, effektivt og sikkert.

Dersom de ikkje er kopla til Helsenettet, kontaktar de EPJ-leverandøren dykkar for å få konkret og tilpassa informasjon om kva val de kan gjere, og kva konsekvensar dei ulike alternativa gir.

Bestill Helsenettet gjennom eller etter avtale med EPJ-leverandøren dykkar, eller ta direkte kontakt med Norsk Helsenett for råd og rettleiing.

For å kople dykk på Helsenettet treng de Buypass Smartkort. Dette kortet er personleg. De kan derfor ikkje signere for andre behandlarar sine refusjonskrav til Helfo.

Dersom du har EPJ, men ikkje er på Helsenettet

Du som tidlegare har lasta ned refusjonskrav frå EPJ (elektronisk pasientjournal) til minnepinne eller CD/DVD og sendt dette til Helfo, kan nå laste opp refusjonskravet ditt direkte i tjenesteportalen for helseaktørar. Du slepp å bruke samlerekning. Kravet blir automatisk behandla, og utbetalinga kjem raskare på konto.

Tenesta er tilgjengeleg via https://internett-portal.helsedirektoratet.no.

Du loggar deg inn ved hjelp av elektronisk legitimasjon, som for eksempel BankID, BankID på mobil, BuyPass eller liknande. Vel tenesta «Oppgjør med Helfo» for å kome inn i tenesta. Tenesta er lett å bruke og du får rettleiing undervegs.

Dersom du ikkje har EPJ

Du som tidlegare har sendt inn samlerekningar saman med papirblankettar, kan no nytte ny løysing for manuell registrering i tenesteportalen for helseaktørar. Du slepp då å bruke samlerekning. Kravet blir automatisk behandla, og utbetalinga kjem raskare på konto.

Tenesta er no tilgjengeleg via https://internett-portal.helsedirektoratet.no.

Du loggar deg inn ved hjelp av elektronisk legitimasjon, som for eksempel BankID, BankID på mobil, BuyPass eller liknande. Vel tenesta «Oppgjør med Helfo» for å kome inn i tenesta. Tenesta er lett å bruke og du får rettleiing undervegs.

Les kva rekningane skal innehalde og korleis dokumentere refusjonskravet.

Først publisert: 25.04.2019 Sist fagleg oppdatert: 03.05.2022 Sjå tidlegare versjonar