Utbetaling og fristar
Refusjonskravet må settast fram innan seks månader etter behandlingsdato for at de skal få utbetalt oppgjeret. Fristen vert rekna frå utløpet av behandlingsmånaden.
Helfos frist for å betale ut oppgjeret er 30 dagar frå kravet vart motteke.
Slik sender de refusjonskrav via Altinn
Den som skal sende inn refusjonskrav, må enten være registrert som dagleg leiar av verksemda i Einingsregisteret, eller ha fått tildelt rettar i Altinn for å kunne fylle ut dette skjemaet på vegne av verksemda.
Dokumentasjon for kravet med namn på pasient, fødselsnummer, tid for opphaldet og kravbeløp, må vere tilgjengeleg for å laste opp digitalt slik at det kan leggast ved Altinn-skjemaet ved innsending.