Slik sender kommune refusjonskrav for multidose

Refusjonskrava de sender til Helfo, skal som hovudregel sendast elektronisk via Altinn.

Kommunen kan søke om eit tilskot på 500 kroner per multidosebruker i heimetenesta per år.

Refusjonskravet må sendast inn på same organisasjonsnummer som avtalen er inngått på.

Utbetaling og fristar

Frist for å søkje tilskot er seks månader rekna frå utgangen av den månaden då første utlevering i kalenderåret fann stad.

For eksempel er fristen 31. juli for innsending av krav for multidosebrukarar per 1. januar. For nye brukarar som kjem til utover året, er fristen 6 månader frå utgangen av månaden då første utlevering fann stad.

Helfo betalar ut oppgjeret så raskt som mogleg, seinast 30 dagar etter at refusjonskravet er motteke.

Refusjonskravet

I Altinn-skjemaet skal de fylle inn

  • perioden for kravet
  • talet på nye multidosebrukarar i perioden
  • kravbeløp

Vedlegga skal innehalde informasjon om

  • kor mange multidosebrukarar som er omfatta av ordninga
  • kor mange nye multidosebrukarar det er i perioden for kravet
  • fødselsdato, namn og oppstartdato for kvar enkelt multidosebrukar

Det må kome klart fram kva pasientar det vert kravd refusjon for. Bruk gjerne pasientliste frå samarbeidande apotek/leverandør.

Les om regelverket for multidose her.

Fyll ut skjema

Logg på med BankID, BankID på mobil, Buypass eller Commfides. Velg deretter hvem dere skal representere i nedtrekksmenyen.

Først publisert: 21.03.2019