Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Slik sender kommune krav for fastlønna legar

Refusjonskrava de sender til Helfo, skal som hovudregel sendast elektronisk over Helsenettet.

Helfo sluttar å sende papirfrikort til digitale brukarar

7. april 2021 sluttar Helfo å sende frikort for helsetenester på papir til digitale brukarar. Brukarar som verken har registrert seg på helsenorge.no eller har digital postkasse (Digipost eller e-Boks) vil framleis få frikortet på papir i posten.

Du gjer det enklare for pasienten din ved å

  • bruke frikort-spørringa («Pasientens frikortstatus»), slik at pasienten slepp å vise frem frikortet
  • rapportere eigendelane hyppig til Helfo, slik at pasientane får frikortet raskast mogleg

Pasientane finn frikort og frikortvedtak ved å logge seg inn på helsenorge.no.

Her kan du som er helseaktør lese korleis du kan ta i bruk frikort-spørringa.

Eigendelane som tel med i pasientane si opptening til frikort, rapporterer de som ein del av refusjonskravet.

Utbetaling og fristar

De må rapportere eigendelar minst kvar 14. dag over linje slik at pasienten dykkar får frikort til rett tid. Dette kravet er heimla i følgjande forskrift:

forskrift om behandling av helseopplysninger i Egenandelsregisteret (egenandelsregisterforskriften)

De rapporterer eigendelar ved å sende refusjonskrav. Refusjonskrav må de altså sende minst kvar 14. dag, sjølv om kravet først blir forelda etter 6 månader. Fristen vert rekna frå utløpet av behandlingsmånaden.

Helfo sin frist for å betale ut oppgjeret er

  • 5 dagar frå kravet vart motteke dersom kravet er sendt over linje
  • 30 dagar frå kravet vart motteke dersom kravet er send i posten

Slik koplar de dykk på Helsenettet

Å levere refusjonskrav via Helsenettet er økonomisk, effektivt og sikkert.

Dersom de ikkje er kopla til Helsenettet, kontaktar de EPJ-leverandøren dykkar for å få konkret og tilpassa informasjon om kva val de kan gjere, og kva konsekvensar dei ulike alternativa gir.

Bestill Helsenettet gjennom eller etter avtale med EPJ-leverandøren dykkar, eller ta direkte kontakt med Norsk Helsenett for råd og rettleiing.

For å kople dykk på Helsenettet treng de Buypass Smartkort. Dette kortet er personleg. De kan derfor ikkje signere for andre behandlarar sine refusjonskrav til Helfo.

Les meir om kva rekningane skal innehalde og korleis dokumentere her.

Først publisert: 22.03.2019 Sist fagleg oppdatert: 01.01.2021