Slik sender kiropraktor refusjonskrav

Refusjonskrava du sender til Helfo, skal som hovudregel sendast elektronisk over Helsenettet.

Utbetaling og fristar

Refusjonskravet må settast fram innan seks månader etter behandlingsdato for at du skal få utbetalt oppgjeret. Fristen vert rekna frå utløpet av behandlingsmånaden. 

 

Helfo sin frist for å betale ut oppgjeret er

  • 5 dagar frå kravet vart motteke dersom kravet er sendt over linje
  • 30 dagar frå kravet vart motteke dersom kravet er send i posten

Slik koplar du deg på Helsenettet

Å levere refusjonskrav via Helsenettet er økonomisk, effektivt og sikkert.

Dersom du ikkje er kopla til Helsenettet, kontaktar du EPJ-leverandøren din for å få konkret og tilpassa informasjon om kva val du kan gjere, og kva konsekvensar dei ulike alternativa gir.

Bestill Helsenettet gjennom eller etter avtale med EPJ-leverandøren din, eller ta direkte kontakt med Norsk Helsenett for råd og rettleiing.

For å kople deg på Helsenettet treng du Buypass ID

 

Les om kva rekningane skal innehalde og korleis dokumentere refusjonskravet.

Først publisert: 25.03.2019