Hopp til hovedinnholdet

Slik sender jordmor refusjonskrav

Refusjonskrava du sender til Helfo, skal som hovudregel sendast elektronisk over Helsenettet.

Utbetaling og fristar

Refusjonskravet må settast fram innan seks månader etter behandlingsdato for at du skal få utbetalt oppgjeret. Fristen vert rekna frå utløpet av behandlingsmånaden. Fristen er heimla i følgjande lov:

lov om folketrygd § 22-13

Helfo sin frist for å betale ut oppgjeret er

  • 5 dagar frå kravet vart motteke dersom kravet er sendt over linje
  • 30 dagar frå kravet vart motteke dersom kravet er send i posten

Slik koplar du deg på Helsenettet

Å levere refusjonskrav via Helsenettet er økonomisk, effektivt og sikkert.

Dersom du ikkje er kopla til Helsenettet, kontaktar du EPJ-leverandøren din for å få konkret og tilpassa informasjon om kva val du kan gjere, og kva konsekvensar dei ulike alternativa gir.

Bestill Helsenettet gjennom eller etter avtale med EPJ-leverandøren din, eller ta direkte kontakt med Norsk Helsenett for råd og rettleiing.

For å kople deg på Helsenettet treng du Buypass Smartkort. Dette kortet er personleg. Du kan derfor ikkje signere for andre behandlarar sine refusjonskrav til Helfo.

Dersom du ikkje kan sende over Helsenettet

Dersom du ikkje kan sende refusjonskravet over Helsenettet må du fylle ut manuell samlerekning som du sender til Helfo saman med alle enkeltrekningane. Ver nøye med å fylle ut skjemaet fullstendig:

Samlerekning medisinsk behandling (05-04.12), nynorsk (PDF)

Samleregning medisinsk behandling (05-04.12), bokmål (PDF)

Helfo tilrår at du tar kopi av alle enkeltrekningar og samlerekningar. Det kan vere nyttig for eigen kontroll av oppgjera.

 

Les kva rekningane skal innehalde og korleis dokumentere refusjonskravet.

Først publisert: 25.03.2019