Slik sender fylkeskommunen refusjonskrav for fastlønnede tannleger og tannpleiere

Refusjonskrava de sender til Helfo, skal som hovudregel sendast elektronisk over Helsenettet.

Helfo sluttar å sende papirfrikort til digitale brukarar

7. april 2021 sluttar Helfo å sende frikort for helsetenester på papir til digitale brukarar. Brukarar som verken har registrert seg på helsenorge.no eller har digital postkasse (Digipost eller e-Boks) vil framleis få frikortet på papir i posten.

Du gjer det enklare for pasienten din ved å

  • bruke frikort-spørringa («Pasientens frikortstatus»), slik at pasienten slepp å vise frem frikortet
  • rapportere eigendelane hyppig til Helfo, slik at pasientane får frikortet raskast mogleg

Pasientane finn frikort og frikortvedtak ved å logge seg inn på helsenorge.no.

Her kan du som er helseaktør lese korleis du kan ta i bruk frikort-spørringa.

Den enkelte fylkeskommune er part i avtale om direkte oppgjør med Helfo. Fylkeskommunen er ansvarleg for at krav som vert sendt inn er i tråd med gjeldande regler og takstar.

Refusjonskrav frå fylkeskommunen kan sendast inn på fylkeskommunen sitt organisasjonsnummer, ved bruk av verksemdssertifikat («virksomhetssertifikat») eller med personleg sertifikat. Uavhengig av innsendingsmetode må nødvendig autorisasjon/lisens, under dette (herunder) eventuell spesialiststatus for ansvarlege/behandlande tannlegar/tannpleiarar, vere dokumentert ved innsending av krav. Helsedirektoratet og Helfo tilrår derfor at også behandlarar i offentlege tannklinikkar sender inn refusjonskrav for behandling dei sjølv har utført, med eigen Buypass ID. 

Eigendelane som tel med i pasientane si opptening til frikort, rapporterer de som ein del av refusjonskravet. De må sette dykk inn i kva rekninga skal innehalde og korleis kravet skal dokumenterast.

Refusjonskrav for tannlegar og tannpleiarar må sendast kvar for seg. 

Utbetaling og fristar

De må rapportere eigendelar minst kvar 14. dag over linje slik at pasienten dykkar får frikort til rett tid. Dette kravet er heimla i følgjande forskrift:

forskrift om behandling av helseopplysninger i Egenandelsregisteret (egenandelsregisterforskriften)

De rapporterer eigendelar ved å sende refusjonskrav. Refusjonskrav må de altså sende minst kvar 14. dag, sjølv om kravet først blir forelda etter 6 månader. Fristen vert rekna frå utløpet av behandlingsmånaden.

Helfo sin frist for å betale ut oppgjeret er

  • 5 dagar frå kravet vart motteke dersom kravet er sendt over linje
  • 30 dagar frå kravet vart motteke dersom kravet er send i posten

Slik koplar de dykk på norsk helsenett

Å levere refusjonskrav via Helsenettet er økonomisk, effektivt og sikkert.

Dersom de ikkje er kopla til Helsenettet, kontaktar de EPJ-leverandøren dykkar for å få konkret og tilpassa informasjon om kva val de kan gjere, og kva konsekvensar dei ulike alternativa gir.

Bestill Helsenettet gjennom eller etter avtale med EPJ-leverandøren dykkar, eller ta direkte kontakt med Norsk Helsenett for råd og rettleiing.

For å kople dykk på Helsenettet treng de Buypass Smartkort. Dette kortet er personleg.

Verksemdsertifikat

Alle organisasjonar som kommuniserer elektronisk, skal ha eit verksemdsertifikat som er parten sin elektroniske signatur for elektroniske meldingar. Det held med eit verksemdsertifikat per juridiske organisasjon.
Kortet er utvikla for å ivareta høg tryggleik i samband med elektronisk signering og kryptering av data.

Når ein nyttar fylkeskommuna sitt verksemdsertifikat med tilhøyrande pin-kode, vert kravet signert elektronisk, og det blir sendt til Helfo i fylkeskommuna sin identitet. Helfo tilrår at koda vert helde hemmeleg og at kortet vert behandla med varsemd, på linje med andre kort som kan gi tilgang til sensitive opplysningar.

For meir informasjon, sjå nettsidene til Norsk helsenett og buypass.no.

For meir informasjon om denne type innsending bør du ta kontakt med din programleverandør.

Først publisert: 25.03.2019 Sist fagleg oppdatert: 01.01.2021 Sjå tidlegare versjonar