Slik sender apotek og bandasjist inn refusjonskrav

Refusjonskrava de sender til Helfo, skal som hovudregel sendast elektronisk over Helsenettet.

Krav skal settast fram gjennom det gjeldande oppgjerssystemet.

Fordelar med denne løysinga er

  • innsparing av tid og ressursar
  • raskt svar og rask behandling av krav
  • betre kvalitet
  • redusert risiko for feil

Normalt vil refusjonskravet vere ferdig kontrollert og utbetalt frå Helfo seinast innan 5 arbeidsdagar frå kravet er mottatt.

Refusjonskrav for H-reseptlegemidlar vert utbetalt 30 dagar etter at kravet er mottatt. Sjå meir informasjon nedanfor om refusjonskrav for H-reseptlegemiddel.

Elektroniske reseptar fylgjer med oppgjera. Papirreseptar som er ferdig ekspedert, skal sorterast alfabetisk og merkast med oppgjersnummer det høyrer til og sendast til Helfo, postboks 2415, 3104 Tønsberg.

For multidose-krav sende apoteket kopi av ordinasjonskortet ved første gangs oppretting av kortet, og ved årleg oppdatering/fornying av kortet.

Kva må refusjonskravet innehalde?

Apoteket og bandasjisten skal sende rekning for kvar ekspedisjon, og kreditnota for returnert materiell. Rekning og kreditnota skal innehalde pasienten sitt fødselsnummer, namn og adresse, og spesifiserast med opplysning om artikkelnummer, type/benevning, mengde/tal, pris og eigendel.

Rekninga skal også innehalde foreskrivingsdatoen som står oppført på blåresepten. Dersom utleveringa på blå resept krev gyldig vedtak frå Helfo, må apoteket eller bandasjisten også registrere datoen på vedtaksbrevet.

Der kunden ikkje har eit 11-siffra personnummer, og du har dokumentasjon på at vedkomande har rettar, kan det likevel sendast rekning til Helfo. Du skriv då pasienten sin fødselsdag, månad og år, DDMMÅÅ, og merkar med kjønn K/M. Skriv eventuelt merknad i merknadsfeltet med informasjon om kva dokumentasjon som er lagt fram.

Dersom du er usikker på om den elektroniske innsendinga av refusjonskravet er mottatt av Helfo, må du ta kontakt med oss. Dersom du har tekniske problem med innsendinga, tek du kontakt med brukarstøtta hjå din systemleverandør.

Frist for å sende refusjonskrav er 6 månader frå utgangen av månaden etter at refusjonskravet oppstod. Foreldingsfristen dersom kunden er død, er 12 dagar frå dødsdato.

Avviste rekningar må korrigerast og sendast på nytt.

Refusjonskrav for H-reseptlegemiddel

Refusjonskrav for H-reseptlegemiddel sender de separat til Helfo i Farmapro.

Godkjent beløp vert utbetalt 30 dagar etter at Helfo har motteke kravet, sidan Helfo først skal utbetale refusjon for H-reseptlegemiddel til apotek når helseforetaka har innbetalt beløpet til Helfo.

Helseforetaka er finansieringsansvarlege for H-reseptlegemidler, og Helfo vil derfor vidarefakturere oppgjera til helseforetaka.

Her finn du meir informasjon om overføringa av helseforetaksfinansierte legemiddel nytta utanfor sjukehus (H-reseptlegemiddel), og kva legemiddel som til no er inn under denne ordnininga.

Først publisert: 27.03.2019