Hopp til hovedinnholdet

Slik dokumenterer tannpleiar refusjonskrav

Når du sender refusjonskrav, er det viktig at du kan dokumentere at refusjonsvilkåra er oppfylte. Då sikrar du at Helfo kan kontrollere om refusjonskravet som er sett fram, er rett.

Du må kunne dokumentere vurderingane dine, og pasientjournalen skal innehalde alle relevante og nødvendige vurderingar. Sjå følgjande regelverk:

lov om helsepersonell m.v. (helsepersonelloven) §§ 39 og 40

forskrift om pasientjournal §§ 7 og 8

Som tannpleiar må du innhente nødvendig dokumentasjon før du startar opp behandling det er aktuelt å krevje refusjon for. Dersom Helfo kontrollerer refusjonskravet, vil vi be deg (dersom du har avtale med Helfo om direkteoppgjer) eller pasienten din (dersom du ikkje har avtale om direkteoppgjer) om å legge frem den aktuelle dokumentasjonen.

Dømer på kva som kan vere relevant dokumentasjon er

  • legeerklæring
  • kopi av aktuelle delar av pasientjournalen
  • røntgenbilder
  • foto og prøvesvar
  • yrkesskadevedtak frå NAV

Pasientjournalen skal innehalde opplysningar som er relevante og nødvendige. Den skal innehalde foreløpig diagnose, observasjonar, funn, undersøkingar, plan eller avtale om vidare oppfølging. I dei tilfella der du gjennomfører behandlingstiltak som ikkje er i samsvar med gjeldande retningslinjer, er det eit særleg behov for å dokumentere kvifor denne behandling er starta opp.

Korleis du skal dokumentere refusjonskrav er nærare beskrive i følgjande regelverk:

rundskriv med regelverk og takster vedrørende stønad til dekning av utgifter til tannbehandling («Det gule heftet»)

forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos tannlege og tannpleier for sykdom

Først publisert: 27.03.2019

Skriv ut/Lag PDF er midlertidig deaktivert